ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 251




                                               

Naukisk

Naukisk yupik er eit yupikspråk i den eskimoisk-aleutiske språkfamilien. Språket blir snakka på Tsjuktsjihalvøya i Russland. Det er eit av dei fire yupikspråka. Lingvistisk ligg naukisk mellom sibirsk yupik og alaskayupik.

                                               

Navaho

Navaho er eit athabaskisk språk snakka av navahofolk i Arizona, New Mexico og Utah i USA. Det blir tala av rundt 170 000, og er dermed det mest tala av urfolkspråka i USA. Navaho er nært i slekt med den vestre dialekten av apache.

                                               

Nederlandsk

Denne sida finst òg på høgnorsk - sjå "Hn/Nederlendsk". Nederlandsk er eit vest-germansk, nedertysk språk. Omtrent 21 millionar i verda snakkar dette språket. Varianten av nederlandsk tala i Belgia blir uformelt kalla flamsk. Det nederlandske nam ...

                                               

Negidalsk

Negidalsk er språket til det sibirske urfolket negidalane. Språket høyrer til den tungusiske språkfamilien. Det finst to dialektar: Øvre og nedre negidalsk. Nedre negidalsk er påverka av evenkisk. Ved den russiske folketeljinga i 2010 vart det re ...

                                               

Newari

Newari, newar eller nepalbhasha er eit sinotibetansk språk som blir tala av rundt 825 000 menneske frå Nepal, der det er offisielt språk. Det blir også tala i den indiske delstaten Sikkim, der det også har offisiell status. Landnamnet "Nepal" kje ...

                                               

Nganasansk

Nganasansk er eit uralsk språk. Det høyrer til den nordlege greina av dei samojediske språka. Nganasansk er eit sterkt utrydningstruga språk. Ved folketeljinga i 2010 vart det tala av 125 menneske av ei befolkning på 862 nganasanar, altså 14.5 % ...

                                               

Nimboransk

Nimboransk er eit nimboransk språk som blir snakka på nordkysten den indonesiske delen av Ny-Guinea. Språket blir tala i rundt 26 landsbyar vest for Sentanisjøen i Papuaprovinsen. Talarane er gjerne eldre folk, medan yngre generasjonar har gått o ...

                                               

Niuisk

Niuisk kan òg referera til nokon knytt til Niue Niuisk er eit polynesisk språk, og tilhøyrer den malayopolynesiske gruppa av dei austronesiske språka. Det er nærskyldt med tongansk, og mindre likt andre polynesiske språk som maori, samoansk og ha ...

                                               

Nivkhisk

Nivkhisk eller giljakisk er eit isolert språk som blir snakka i Russland. Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 4652 medlemmer av den etniske gruppa som snakkar nivkhisk, men berre 198 menneske som snakka nivkhisk. I 1989 var de ...

                                               

Nizaa

Nizaa, suga, galim eller nyemnyem er eit mambiloid språk som blir tala av om lag 10 000 menneske i området kring landsbyen Galim-Tignère i den vestlege delen av regionen Adamaoua i Kamerun.

                                               

Nordazerisk

Nordazerisk eller nordaserbajdsjansk er eit tyrkisk språk som er offisielt språk i Aserbajdsjan og elles blir talt i tilgrensande regionar i nabolanda Armenia, Georgia og Russland. 6.1 millionar aserbajdsjanarar skal ha språket som førstespråk. I ...

                                               

Nordjukagirsk

Nordjukagirsk eller tundrajukagirsk er det eine av to jukagirske språk. Det blir snakka av 30–150 menneske i det austlege Sibir, i Magadan oblast og republikken Sakha.

                                               

Nordsotho

Nordsotho er eit bantuspråk eller ei språkgruppe som blir tala i Sør-Afrika, der det også er offisielt språk. Nordsotha har 4 208 940 talarar som hovudsakleg bur i provinsane Gauteng, Limpopo og Mpumalanga. Språket er ofte omtalt som sepedi, ette ...

                                               

Normannisk

Normannisk er eit romansk språk som er nært i slekt med fransk og pikardisk. Det er blitt tala i Normandie og Storbritannia og er det vestlegaste av oïl-språka. Språket har også norrøne trekk etter vikingane som erobra Normandie. I Storbritannia ...

                                               

Norn

Norn er eit nordisk språk som vart tala på Shetland, Orknøyane og Hebridane før skotsk byrja ta over på 1400-talet. Norn var til liks med islandsk og færøysk eit vestnorsk utflyttarspråk, utgått frå norrønt, og høyrer saman med islandsk, færøysk ...

                                               

Oiratisk

Oiratisk er eit mongolsk språk som blir snakka i Mongolia, i Xinjiang, Gansu og Qinghai i Folkerepublikken Kina og nær Kaspihavet i Russland der det største mongolske språket er kalmykisk. Språket har omkring 360 000 talarar.

                                               

Ojibwe

Ojibwe er eit algonkinsk språk som blir snakka i dei nordlege delane av USA og i sørvestre Canada. Ojibwe blir snakka av litt over 50 000, og det er dermed eit av dei største indianarspråka i USA.

                                               

Oksitansk

Oksitansk er eit gallo-romansk språk som blir tala i den sørlege tredelen av Frankrike, pluss Dei oksitanske dalane i Italia og somme grenseområde i Spania. Språket har berre full status som offisielt bruksspråk i Val dAran i Catalonia i Spania, ...

                                               

Oromo

Oromo er eit afroasiatisk språk som framfor alt blir snakka i Etiopia, men også i dei nordlage delane av Kenya og i Somalia. Oromo har omtrent 30 millionar talarar, det gjer det til det tredje største språket i Afrika, etter arabisk og hausa. Oro ...

                                               

Oskisk

Oskisk er eit utdøytt italisk språk. Det skil seg frå latin i både fonetikk, ordformer og ordtilfang; men ikkje so mykje i syntaks. Dei eldste innskriftene av språket er frå det 4. hundreåret f.Kr., og dei yngste frå husveggane i Pompeii like før ...

                                               

Osmantyrkisk

Osmantyrkisk var det offisielle språket i Det osmanske riket og var ein variant av tyrkisk. Det inneheldt ein god del låneord frå både persisk og arabisk, og som eit resultat av dette var språket ofte uforståeleg for dei utan utdanning. Språket b ...

                                               

Ossetisk

Ossetisk er eit iransk språk som blir tala i Ossetia, eit område i fjella på grensa mellom Russland og Georgia. Språket har kring 550 000 brukarar, om lag 451 000 i Russland, hovudsakleg i Nord-Ossetia og rundt 100 000 i Sør-Ossetia i Georgia. De ...

                                               

Paes

Paes er eit språk som blir snakka av paesfolket i Andes-regionen i Colombia. Det blir snakka av om lag 70-80 000 menneske. Rundt halvparten av dei er einspråklege.

                                               

Palaisk

Palaisk er eit utdøytt indoeuropeisk språk i Anatolia som er dokumentert i kileskrifttavler frå bronsealderbyen Hattusa, hovudstaden til hettittane. Namnet til språket på hettittisk er palaumnili, eller "av folket frå Pala" ; Pala låg antakeleg n ...

                                               

Palauisk

Palauisk er eit malayopolynesisk språk som er nasjonalt språk på Palau, der det har rundt 15 000 talarar. Palauisk blir snakka av rundt 65 % av palauarar. Det er offisielt språk i dei fleste statane i Palau, bortsett frå Angaur og dei fjernare øy ...

                                               

Pali

Pali er eit gammalt indoarisk språk som mellom anna er nytta i mange eldre buddhistiske tekstar. Det er ikkje eit levande språk i dag, men blir nytta religiøst innan theravada-buddhismen. Den buddhistiske palilitteratur omfattar mellom anna den k ...

                                               

Panjabi

Språket panjabi, nokre gonger skrive punjabi, høyrer til den indoariske greina av indoeuropeiske språk og blir snakka av folk i Panjab-regionane i India og Pakistan. Det har over 90 millionar talarar, og er dermed verdast ellevte mest tala språk. ...

                                               

Pashto

Pashto, også kalla afghansk, er eit iransk språk som blir tala av 15.6 millionar menneske i Pakistan og 8.3 millionar i Afghanistan, der det er eitt av to offisielle språk. Pashto har litteratur frå 1600-talet og seinare. Det blir skrive med ei l ...

                                               

Patwa

Patwa eller jamaican patois er eit kreolspråk som blir tala på Jamaica og blant personar av jamaicansk bakgrunn i Canada, Costa Rica, Den dominikanske republikken, Panama, Storbritannia og USA. Språket har røtene sine i engelsken brukt av slavar ...

                                               

Paya

Paya er eit chibchansk språk som vert tala av mellom 600 og 900 menneske i det nordaustlege Honduras. Det er det nordlegaste av dei chibchanske språka, og òg det som skil seg mest frå dei andre i språkfamilien.

                                               

Pemón

Pemón er eit karibisk språk mest brukt i regionen Gran Sabana i delstaten Bolívar i Venezuela. Ethnologue oppgjev 5000 brukarar i Venezuela i 2001 og noko over 6000 totalt. Det finst òg somme brukarar i Brasil og i Guyana nær grensa til Venezuela ...

                                               

Persisk

Persisk eller farsi er eit iransk språk som har status som offisielt språk i Iran og Afghanistan, og som òg blir snakka i Usbekistan og Tadjikistan. Til saman 61 millionar menneske har dette språket som morsmål. Gjennom Persarriket har språket ha ...

                                               

Plattysk

Plattysk, nedertysk eller lågtysk er eit vestgermansk språk nært i slekt med nederlandsk og frisisk som først og fremst blir tala i det nordlege Tyskland. Plattysk var hovudspråket for hansaene i seinmellomalderen og kom til få svært sterk innver ...

                                               

Polsk

Polsk er eit vestslavisk språk som er brukt i Polen der det er det offisielle språket, og i tillegg i grannelanda Litauen, Kviterussland, Slovakia og Tsjekkia, og i land folkesette av polske innvandrarar. Forskarar reknar med at det finst mellom ...

                                               

Portugisisk

Portugisisk er eit språk som blir snakka i Portugal, Brasil og i dei tidlegare portugisiske koloniane i Afrika, spesielt i Kapp Verde, Angola og Mosambik. Meir enn 200 millionar menneske har portugisisk som morsmål. Språket er ein del av den roma ...

                                               

Potawatomi

Potawatomi er eit sentral-algonkin-språk, som vart snakka av pottawatomi-folket rundt Dei store sjøane i det som no er Michigan og Wisconsin i USA og i Ontario i Canada. Det er arbeid med å revitalisere språket i Michigan og Oklahoma. Potawatomi ...

                                               

Powhatan

Powhatan – også kalla Virginia-algonkinsk – er det tidlegare språket til powhatan-renape-nasjonen. Powhatan høyrer til den austalgonkinske greina av dei algonkinske språka. Det har vore uklårt kva tid språket gjekk av bruk, og Thomas Jefferson he ...

                                               

Prærie-cree

Prærie-cree-språket er eit algonkinsk språk som blir tala av 34 000 menneske av ei etnisk gruppe på 53 000 prærie-creefolk i British Columbia, Alberta, Saskatchewan, Manitoba og Northwest Territories i Canada og 100 i Montana i USA. Språket blir ...

                                               

Punisk

Punisk er eit utdøytt semittisk språk som tidlegare vart talt av punarane ved middelhavskysten av Nord-Afrika og på fleire øyar i Middelhavet. Punisk utvikla seg frå fønikisk i dei fønikiske koloniane ved Middelhavet. Språket er utelukkande kjent ...

                                               

Qatabansk

Qatabansk var eit semittisk språk som vart talt i kongeriket Qataban, som låg sentralt i dagens Jemen. Det er eit av dei betre dokumenterte av dei gamle sørarabiske språka, og er kjent frå tida mellom 800 f.Kr. og 200 e.Kr. Ein har funne rundt to ...

                                               

Quechuaspråk

Sjå òg artikkelen om quechuaene Quechua er ein språkfamilie i Sør-Amerika med 46 ulike variantar, som blir snakka av quechuafolk i Andes, frå Colombia og Ecuador og sørover til Argentina. Quechua er tradisjonelt blitt sett på som eitt språk, men ...

                                               

Quenya

Quenya eller høgalvisk) er eitt av dei alviske språka J.R.R. Tolkien konstruerte til bruk i diktinga si, der språket blir tala av alvefolka. Quenya og sindarin er dei viktigaste og mest gjennomarbeidde av språka Tolkien konstruerte. Quenya kan mi ...

                                               

Qʼeqchiʼ

Qʼeqchiʼ er eit mayaspråk som blir snakka av ca. 500 000 menneske i Guatemala og Belize. Qʼeqchiʼ har to hovuddialektar: ein som blir snakka i Cobán i Alta Verapaz og ein som blir snakka i dei øvrige områda.

                                               

Språket rama

Rama er eit chibchansk språk som vert snakka av rama-folket på øya Rama Cay og sør for Bluefields ved atlanterhavskysten i Nicaragua. Tidlegare vart det òg snakka i Costa Rica. Språket er sterkt utrydningstrua. Det hadde totalt 36 brukarar i 1992 ...

                                               

Rarotongesisk

Rarotongesisk eller Cookøy-maori er eit austleg polynesisk språk frå Cookøyane. Saman med engelsk er det offisielt språk på øygruppa, der den største øya er Rarotonga. Rarotongesisk er nært i slekt med maori, språket som blir tala på New Zealand. ...

                                               

Rendille

Rendille er eit afroasiatisk språk som blir snakka av rendillefolket i det nordlege området av Kenya. Rendille er ein del av den kusjittiske språkgreina i den afroasiatiske språkfamilien.

                                               

Retoromansk

Retoromansk høyrer til dei romanske språka. Det blir i dag tala i somme område av den sveitsiske kantonen Graubünden. Ved folketeljinga i 1990 var det 66 356 menneske som sa dei tala retoromansk regelmessig, og 39 632 av desse hadde det som hovud ...

                                               

Rohingya

Rohingya er eit språk tala av rundt 1.5 millionar rohingyafolk frå staten Arakan i Burma. Det er nært i slekt med chatgaya som blir tala i den tilstøytande Chittagong-regionen søraust i Bangladesh. Det finst også mange rohingyafolk i Bangladesh, ...

                                               

Rumensk

Rumensk er eit språk på den romanske greina av dei indoeuropeiske språka. Der høyrer til det undergruppa austromanske språk, som ikkje har fleirtals-s. Rumensk blir tala som morsmål av om lag 24 millionar menneske. Dei fleste av desse bur i Roman ...

                                               

Russenorsk

Russenorsk var eit pidginspråk som før første verdskrigen vart brukt som hjelpespråk i handelen mellom Nord-Noreg og Nordvest-Russland. Språket var ei blanding av i hovudsak norsk og russisk. Om lag 400 ord er bevart av språket, det meste er samt ...