ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 226




                                               

Grasse

Grasse er ein by og kommune søraust i Frankrike i departementet Alpes-Maritimes, der han er sous-préfecture. Byen ligg ved Den franske rivieraen.

                                               

Hyères

Hyères er ein by og kommune søraust i Frankrike, i departementet Var, om lag 15 km aust for Toulon. Byen har rundt 55 000 innbyggjarar.

                                               

Île du Levant

Île du Levant, stundom berre kalla Le Levant, er ei øy i Middelhavet utanfor kysten av Den franske riveraen, nær Toulon. Ho er ei av tre øyar i øygruppa Îles dHyères i Frankrike. Øya er 8 km lang, 2 km brei, og ligg i Golfe du Lion. Om lag 90 % a ...

                                               

Nice

Nice er ein by sør i Frankrike ved kysten av Middelhavet mellom Marseille og Genova med eit storbyområde på 933 080 innbyggjarar. Byen er ein stor turistby, og ein av dei største feriebyane på Den franske rivieraen. Nice ligg i regionen Provence- ...

                                               

Saint-Tropez

Saint-Tropez er ein liten by og kommune på Den franske rivieraen ved Middelhavet i Frankrike. Han ligg i departementet Var i regionen Provence-Alpes-Côte dAzur.

                                               

Cotentin

Cotentin, eller Cherbourghalvøya er ei halvøy i Normandie som dannar den nordvestlege kysten av Frankrike. Ho stikk seg ut i Den engelske kanalen mot Storbritannia. Vest for halvøya ligg Kanaløyane. Halvøya høyrer til departementet Manche, i regi ...

                                               

Courbethalvøya

Courbethalvøya eller Péninsule Courbet er ei stor halvøy nordaust på hovudøya, Grande Terre, i den subantarktisk øygruppa Kerguelen sør i Indiahavet. På sørkysten av halvøya ligg den franske forskingsstasjon Port-aux-Français, den einaste permane ...

                                               

Péninsule Loranchet

Péninsule Loranchet, òg kalla Presquîle Loranchet eller Loranchethalvøya er ei halvøy på Grande Terre, hovudøya i den subantarktisk øygruppa Kerguelen i det sørlege Indiahavet.

                                               

Péninsule Jeanne dArc

Péninsule Jeanne dArc, òg kalla Presquîle Jeanne dArc er ei halvøy på Grande Terre, hovudøya i den subantarktiske øygruppa Kerguelen i det sørlege Indiahavet.

                                               

Péninsule Rallier du Baty

Péninsule Rallier du Baty eller Presquile Rallier du Baty er ei halvøy på Grande Terre, hovudøya i den subantarktiske øygruppa Kerguelen i det sørlege Indiahavet. Ho dekkjer den sørvestlege delen av øya og er kring 35 km lang og 25 km på det brei ...

                                               

Annecysjøen

Annecysjøen er ein innsjø i Haute-Savoie i Frankrike. Han er den nest største innsjøen i Frankrike etter Bourgetsjøen, bortsett frå den franske delen av Genfersjøen. Han er òg kjend som "den reinaste innsjøen i Europa" på grunn av strenge miljøre ...

                                               

Der-Chantecoqsjøen

Der-Chantecoqsjøen er ein innsjø i nordaustlege delar av Frankrike i kommunen Saint-Dizier i Marne og Haute-Marne. Han er den største kunstige innsjøen i Europa med eit areal på 48 km² og 350 millionar kubikkmeter vatn.

                                               

Étang de Thau

Étang de Thau eller Bassin de Thau er den største innsjøen i Occitanie og den tredje største i Frankrike. Han ligg langs Languedoc-Roussillon, den franske kysten frå Rhône til foten av Pyreneane. Neminga étang viser til ein(innsjø eller lagune, o ...

                                               

Étang de Berre

Étang de Berre er ein vassmasse ved sida ved Middelhavet vest for Marseille. Han vart danna av stigande vassnivå mot slutten av førre istid, og denne litle innlandssjøen er delt i tre delar: Den største vassmassen, Étang de Vaïn i aust og Étang d ...

                                               

Genfersjøen

Genfersjøen er den nest største ferskvassinnsjøen i Sentral-Europa etter Balatonsjøen. 60 % av innsjøen ligg i Sveits, medan resten ligg i Haute-Savoie i Frankrike. Andre namn på sjøen er: Tysk Genfersee, fransk Lac Léman eller le Léman, Lémansjø ...

                                               

Mer de Glace

Mer de Glace er ein isbre på nordsida av Mont Blanc-massivet i Alpane. Han er 5.6 km lang og 200 meter tjukk med eit areal på 40 km², og er den nest lengste breen i Alpane etter Aletsch i Sveits. Breen byrjar ei høgd på 3 900 meter, og stig ned 1 ...

                                               

Cap Gris-Nez

Cap Gris-Nez er eit nes på Côte dOpale i Pas-de-Calais département Nord-Frankrike. Det ligg mellom Wissant og Audresselles i kommunen Audinghen. Klippene på Cap Griz Nez er det punktet i Frankrike som er nærast England - 34 km frå Dover i England ...

                                               

Pointe de Grave

Pointe de Grave er den nordlegaste enden av halvøya Médoc og den furukledde og sanddekte kysten av Landes vest i Frankrike. Neset ligg nær feriebyen Royan. Cordouan fyr ligg utanfor neset, og eit anna fyr, på kysten, inneheld eit fyrmuseum. Neset ...

                                               

Kerguelen

Kerguelen, òg kjend som Desolation Islands, er ei øygruppe sør i Indiahavet som utgjer ein av to øyar på Kerguelenplatået. Øyane, i lag med Adélie Land, Crozetøyane. Île Amsterdam og Île Saint-Paul, er ein del av Dei franske sørterritoria og vart ...

                                               

Chausey

Chausey er ei lita øygruppe, som geografisk er ein del av Kanaløyane, men sidan dei høyrer til Frankrike, vert dei nesten aldri nemnd i denne samanhengen. Det er ingen faste transportruter mellom Chausey og dei andre Kanaløyane. Grande Île, den s ...

                                               

Fasanøya

Fasanøya er ei elveøy i Bidasoa. Øya er eit kondominat, styrt av både Frankrike og Spania, og administrert av Irun og Hendaye, som styrer øya i periodar på seks månadar kvar. Ho har eit areal på 2 000 m², og vert kunstig verna frå straumane i elv ...

                                               

Île aux Cygnes

Île aux Cygnes er ei lita øy i Seinen i Paris i Frankrike. Øya er kunstig, og vart bygd i 1827 for å verne hamna Grenelle. Øya må ikkje forvekslast med den tidlegare Île aux Cygnes, som ho har fått namn frå. Den tidlegare øya var forbunde med Cha ...

                                               

Île dOléron

Île dOléron er ei øy i Biscayabukta ved kysten av Frankrike, like vest for Rochefort på sørsida av sundet Pertuis dAntioche. Ho er den nest største øya i Frankrike etter Korsika.

                                               

Île dYeu

Île dYeu er ei øy utanfor kysten av Vendée i Frankrike. Ho har to hamner, Port-Joinville og La Meule, som ligg i ein nesten lukka fjordarm langs ein vill granittkyst, og er kjend for tunfisk- og krepsefiske. Fleire kjende målarar kom til Île dYeu ...

                                               

Île de la Cité

Île de la Cité er ei av to øyar i Seinen, og er Paris sitt geografiske og historiske sentrum. På vestsida av øya har det stått eit palass sidan romartida, medan austsida like lenge har vore vigsla til religion, særleg etter 900-talet då det vart ...

                                               

Île de Noirmoutier

Île de Noirmoutier er ei øy i Biscayabukta utanfor kysten av Frankrike i departementet Vendée. Delar av øya er tatt tilbake av havet. I 2005 var øya målgang for prologen i Tour de France. Kommunane på øya er samla saman i ein communauté de commun ...

                                               

Île de Ré

Île de Ré er ei øy utanfor vestkysten av Frankrike nær La Rochelle, på nordsida av sundet Pertuis dAntioche. Øya er 30 km lang, og 5 km brei, og er forbunde med La Rochelle på fastlandet via ei 2.9 km lang bru, som stod ferdig i 1988.

                                               

Île de Sein

Île de Sein er ei øy i Atlanterhavet ved kysten av Frankrike, utanfor Finistère. Øya ligg 8 km frå pointe du Raz på andre sida av sundet Raz de Sein. På bretonsk er namnet på øya Enez Sun. I lag med småøyane i nærleiken dannar øya kommunen Île-de ...

                                               

Île Saint-Louis

Île Saint-Louis er ein av to øyar i Seinen i Paris, Frankrike. Øya er kalla opp etter Kong Louis IX av Frankrike. Øya er forbunde med resten av Paris med bruer på begge sider av elva, og av Pont Saint Louis til Île de la Cité. Øya er eit reint bu ...

                                               

Île-dAix

Île-dAix er ei lita øy i Biscayabukta i Atlanterhavet, utanfor vestkysten av Frankrike. Det er òg namnet på ein fransk kommune som omfattar øya i departementet Charente-Maritime. Ho har 186 innbyggjarar og eit areal på om lag 1.2 km². Øya ligg ve ...

                                               

Îles des Lérins

Îles des Lérins er ei øygruppe på fire øyar i Middelhavet ved Den franske rivieraen nær Cannes. Dei to største øyane i gruppa er Île Sainte-Marguerite og Île Saint-Honorat. Dei mindre Îlot Saint-Ferréol og Îlot de la Tradelière er ikkje busett. A ...

                                               

Îles Saint-Marcouf

Îles Saint-Marcouf er to små øyar utanfor kysten av Normandie i Frankrike, som ikkje er folkesett. Dei ligg i regionen Baie de la Seine i Den engelske kanalen, 6.5 km aust for halvøya Cotentin ved Ravenoville og 13 km frå øya Tatihou og hamna ved ...

                                               

Korsika

Korsika er ei øy i Middelhavet som høyrer til Frankrike. Øya ligg vest for Italia, søraust for kontinental-Frankrike og nord for Sardinia. Ho er den fjerde største øya i Middelhavet. Korsika er ein del av Frankrike og er kjend som Napoleon Bonapa ...

                                               

Mont Saint-Michel

Mont Saint-Michel er ei lita steinete tidvassøy i Normandie, om lag ein kilometer frå nordkysten av Frankrike ved munningen av elva Couesnon nær Avranches.

                                               

Ratonneau

Ratonneau er ei av øyane i øygruppa Frioul i Middelhavet nær Marseille utanfor sørkysten av Frankrike. Ho er relativt lang og tynn, og er om lag 2.5 km lang, men ikkje breiare enn 500 meter. Ho er forbunde med den nærliggande øya Pomègues, som gå ...

                                               

Tatihou

Tatihou er ei øy i Normandie i Frankrike med eit areal på 0.29 km². Ho ligg like aust for halvøya Cotentin, nær Saint-Vaast-la-Hougue. Ho er ikkje folkesett, og talet på vitjande til øya er avgrensa til 500 kvar dag. Desse kan gå over til øya når ...

                                               

Libreville

Libreville er hovudstaden og den største byen i Gabon. Folketalet er 578 156. Byen er ein hamneby ved Gabon-elva, nær Guineabukta. Han er handelssentrum for eit tømmerområde. Området var folkesett av mpongwé-folket lenge før Frankrike la landet u ...

                                               

Banjul

Banjul er hovudstaden i Gambia og ligg på øya St. Marys Island der Gambiafloden renn ut i Atlanterhavet. Byen er ein av dei minste hovudstadene i Afrika, og blir ofte kalla ein diger landsby. I 2003 hadde han eit estimert folketal på 46.700. Den ...

                                               

Gambiaelva

Gambiaelva, engelsk Gambia River, er ei stor flod i Vest-Afrika. Ho er 1 130 km lang og renn frå Fouta Djallon-platået nord i Guinea til Atlanterhavet ved Banjul. Om lag halve floda er seglbar. Frå Fouta Djallon renn elva nordvest inn i den seneg ...

                                               

Gagrafjella

Gagra er ei fjellkjede i Store Kaukasus i Abkhasia, den sjølvstyrte republikken i Georgia. Fjellkjeda går mellom dalane til elvane Bzyb og Psou sør for Store Kaukasus, hovudsakleg i ein nord-sør retning. Det høgaste fjellet er Agepsta på 2 256 m. ...

                                               

Ritsa

Ritsa er ein innsjø nord i den i røynda sjølvstendige republikken Abkhasia. Innsjøen ligg i Kaukasus og er omringa av skogar og subalpine enger. Vatnet er kaldt og klårt. Fjella har ei høgd på 2 200 til 3 500 meter rundt innsjøen. Ein har funne f ...

                                               

Sukhumi

Sukhumi er hovudstaden i Abkhasia, ein de facto sjølvstendig republikk, som internasjonalt vert rekna som ein autonom republikk i Georgia. Byen har ei lang historie, og vart hardt råka under den georgisk-abkhasiske konflikten tidleg i 1990-åra. S ...

                                               

Argun i Kaukasus

Argun er ei elv i Georgia og republikken Tsjetsjenia i Russland og ei av sideelvane til Sunzja frå høgre. Elva er 148 km lang og har eit nedslagsfelt på 3 390 km². Elva har utspring i Georgia, på nordsida av Store Kaukasus, og renn frå der ned gj ...

                                               

Çoruh

Çoruh eller Tsjorokhi er ei elv som spring ut i Mescitfjella nordaust i Tyrkia. Ho renn gjennom byane Bayburt, Ispir, Yusufeli og Artvin, langs Kelkit-Çoruh-forkastinga, før ho renn inn i Georgia, der ho munnar ut i Svartehavet like sør for Batum ...

                                               

Inguri

Inguri er ei elv vest i Georgia. Ho er 213 km lang og har sitt utspring på grensa til den autonome republikken Abkhasia. Elva spelar ei viktig rolle for vasskraftproduksjonen i området. Elva har sitt utspring høgt i Kaukasusfjella nær det høgaste ...

                                               

Rioni

Rioni er den viktigaste elva vest i Georgia. Ho har utspringet i Kaukasusfjella, i regionen Ratsja og renn vestover mot Svartehavet, der ho munnar ut nord for byen Poti. Byen Kutaisi, ein gong hovudstad i det antikke Colchis, ligg ved elva. Byen ...

                                               

Terek

Terek er ei stor elv nord i Kaukasus, som renn gjennom Georgia og Russland på veg mot Kaspihavet. Ho har utspring i fjellsida til Kazbek i Georgia og renn så nordover gjennom Nord-Ossetia og byen Vladikavkaz. Ho snur så austover og renn gjennom T ...

                                               

Tsjoloki

Tsjoloki er ei elv i Georgia som dannar grensa mellom den autonome provinsen Adsjaria og provinsen Guria. Eit stund på 1800-talet danna ho grensa mellom Tyrkia og Russland. Under krimkrigen tvinga 13 000 russiske soldatar, som hovudsakleg bestod ...

                                               

Dei pontiske fjella

Dei pontiske fjella er ei fjellkjede nord i Tyrkia, òg kjend som Parharfjella. Parhar kjem frå det hittitiske ordet som tyder høg eller topp. Fjellkjeda går om lag frå aust til vest, parallelt og nær sørkysten av Svartehavet og strekkjer seg nord ...

                                               

Didgori

Didgori er eit fjell om lag 40 km vest for Tbilisi, hovudstaden i Georgia i den austlege delen av fjellkjeda Trialeti, som er ein del av Litle Kaukasus. Fjellet har ei høgd på 1 647 meter over havet. Fjellet vart åstad for slaget ved Didgori, som ...