ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 220




                                               

Geodesi

Geodesi og δαίζειν er vitskapen om oppmålinga og avbildinga av jodeoverflata. Dette omfattar oppmåling av jorda sin geometriske form og oppbygginga av jordoverflata, tyngdefeltet og jorda sin orientering i verdsrommet. Geodesien dannar grunnlaget ...

                                               

Geodynamikk

Geodynamikk er ei grein innan geofysikk som omfattar kreftene som virkar i jordskorpa og fører til foldingar, overskyvingar og forkastingar. Ekspertar innan geodynamikk nyttar vanlegvis data frå geodetisk GPS, InSAR og seismologi, samt numeriske ...

                                               

Geoide

Ein geoide er ei ekvipotensiell overflate som omtrent fell saman med det gjennomsnittlege nivået til havoverflata. Han blir ofte sagt å vere ein nær attgjeving eller fysisk modell av den ekte forma til jorda, og ifølgje Carl Friedrich Gauss er ge ...

                                               

Gravimetri

Gravimetri er målinga av styrken til tyngdekrafta. Gravimetri kan nyttast når anten tyngdefeltet eller eigenskapane til stoff som skapar tyngdefeltet skal studerast. Uttrykket gravimetri eller gravimetrisk vert òg nytta innan kjemi for å definere ...

                                               

Gravitasjonsfelt

Eit gravitasjonsfelt er eit område der det verkar ei gravitasjonskraft på ein lekam som kjem inn i området. I dagleglivet oppfattar vi krefter som kontaktkrefter, fordi dei er bunde til skyve- eller trekkverknad på dei lekamane det gjeld. I gravi ...

                                               

Nullmeridianen

Nullmeridian er den meridianen som lengdegradane blir rekna frå. Sidan 1884 har all lengdregradfastsetjing på jorda hatt Greenwich-meridianen som utgangspunkt, nullmeridian. Nullmeridianen går gjennom Greenwich-observatoriet i London, nærare best ...

                                               

Oslomeridianen

Oslomeridianen er nemninga for ein særnorsk nullmeridian frå 1948 som med tida er gått ut or bruk. Men for mange av turgåarane i Nordmarka i Oslo er Oslomeridianen likevel eit kjent fenomen ved at det er markert ved hytta til idrettslaget Lyn, so ...

                                               

Passasjeinstrument

Eit passasjeinstrument er ein kikkert med horisontal omdreiingsakse. Svingeplanet for den optiske aksen til kikkerten er ofte meridianen. Instrumentet vert nytta til observasjon av stjernepassasjer, som vert nytta til rektascensjons- og tidsavgje ...

                                               

Polvandring

Polvandring syner til endringa i plasseringa til polane i tilhøve til kontinenta gjennom geologisk tid. Ved paleomagnetiske undersøkingar har det vore mogleg å avgjere den magnetiske plasseringa til polane til ulike tider i historia til jorda. Va ...

                                               

Tidvassakselerasjon

Tidvassakselerasjon er ein effekt av tidvasskrefter mellom ein naturleg satellitt i bane og den primære planeten han går rundt. Akselerasjonen er vanligvis negativ sidan han skapar ei gradvis bremsing og resesjon for ein satellitt i ein prograd b ...

                                               

Dome A

Dome A eller Dome Argus er eit platå i Antarktis som ligg 1200 kilometer frå kysten. Ein meiner at dette er den kaldaste staden på jorda og ein trur at temperaturane kan falle så langt som til -102 °C. Det er det høgaste isdekte området av Antark ...

                                               

Geokronologi

Geokronologi er vitskapen som tek føre seg geologisk alder og tidsrekning, den absolutte alderen på bergartar, fossil og sediment. Det er mange ulike måtar å finne ut av dette på. For den nyare historia kan ein telje årringar i trestammer eller å ...

                                               

European Project for Ice Coring in Antarctica

Europaan Project for Ice Coring in Antarctica er eit internasjonalt, europeisk prosjekt for å bore djupe iskjernar i Antarktis. Hovudmålet er få fullstendig dokumentasjon av dei klimatiske og atmosfæriske tilhøva som er arkivert i den antarktiske ...

                                               

Geologisk tidsskala

Geologisk tidsskala er eit kronologisk skjema nytta innan stratigrafi for dele inn tidsperiodar basert på forskjellige hendingar som har skjedd opp gjennom historia til jorda. Tidskalaen og namna er lagt fram av International Commission on Strati ...

                                               

Global Boundary Stratotype Section and Point

Global Boundary Stratotype Section and Point, forkorta GSSP, er eit stratigrafisk referansepunkt som definerer grensa mellom to ulike geologiske tidsperiodar.

                                               

Iskjerne

Ei iskjerne er ein isprøve som er bort ut av isen i polare strøk. Slike iskjerner er særs viktige både innan vitskapen og politikken, fordi ein ved hjelp av luftbobler fanga i isen, kan seie noko om atmosfæresamansetnaden då luftbobla vart fanga ...

                                               

Isotopgeokjemi

Isotopgeokjemi er ei tverrvitskapleg faggrein mellom geofag og kjemi og under geokjemi, som går ut på relativ og spesifikk datering av grunnstoff og isotopane deira på jorda. Eit vanleg bruksområde for isotopgeokjemi er å modellere eller kartlegg ...

                                               

Paleomagnetisme

Paleomagnetisme er studiet av spor etter magnetfeltet til jorda i bergartar. Nokre mineral i stein bevarer eit minne om styrken og retninga til magnetfeltet til jorda når dei dannast. Dette kan gje kunnskap om endringar i jordmagnetfeltet, og ver ...

                                               

Sone i geologi

Ein sone er i geologi eit lag i sedimentær bergart som er karakterisert ved innhaldet sitt av fossil eller ved at det er avsett ei bestemd tid.

                                               

Speleothem

Speleothemer eller dryppsteinsformer er eit samleomgrep på avsettingsformer som stalaktittar, stalagmittar, heliktittar og krystall som finst i hòler.

                                               

Tefrokronologi

Tefrokronologi er ein metode for å avgjere alder i geologien ved hjelp av vulkanske oskelag eller tefra i torv og andre avleiringar. Fordelen med metoden er at oskelaga legg seg over store område nesten samstundes, og gjev eit nyttig referansepun ...

                                               

Varv

Varv er eit årleg avsetingslag for sediment eller ein sedimentær bergart. Omgrepet varv kjem frå det svenske varv som tyder "kvarv", "lag" eller "krins". Termen oppstod som hvarfig lera lagdelt leire på det første kartet som var laga av Sveriges ...

                                               

Årring

Årringar er ringane ein kan sjå i tverrsnittet på ei trestamme. Synlege ringar er eit resultat av sesongavhengige endringar i kor raskt treet veks, og ein ring markerer derfor vanlegvis eitt år av livssyklusen til treet. Ringane er meir synlege p ...

                                               

Banke

Ein banke er ei vid grunne i sjø, vatn eller elv, som ofte består av laust materiale som sand eller småstein. Ordet vert òg nytta om havområdet over ei slik grunne, til dømes i samband med fiskebanker. Nokre bankar kan ha delar over vasskorpa. Ba ...

                                               

Blokkforkasting

Blokkforkasting er landformer som oppstår når store område av grunnfjellet vert broten opp av forkastingar slik at store delar av jordskorpa vert vertikalt forskyvd. Vertikale rørsler i blokkene som oppstår, og som stundom har vippa, kan føre til ...

                                               

Diluvium

Diluvium er eit geologisk omgrep om overflatiske avleiringar som er danna av flaum-liknande hendingar. Dette er i motsetnad til alluvium, som er avleiringar som er lagt ned sakte og jamt. I nesten alle senkingane mellom fjella sør i Sibir og nord ...

                                               

Eolisk prosess

Eoliske prosessar er prosessar skapt av vinden, eller meir presist evna vinden har til å forme ei overflate. Vind kan erodere, transportere og avsetje stoff og er ein viktig faktor i område med sparsam vegetasjon og store mengder lause sediment. ...

                                               

Erosjon

Erosjon er alle geologiske prosessar der ytre krefter som vind, bølgjer, isbrear og rennande vatn riv laus og flyttar materiale frå ein stad på jordoverflata til ein annan. Ofte deler ein erosjon inn etter kva kraft som rår, som vinderosjon, bølg ...

                                               

Halvørken

Halvørken viser til landområde prega av tørke, lite nedbør og svært sparsam vegetasjon. Ein reknar med at halvørkenområde har ei årleg nedbørsmengd på under 250 mm. Det finst likevel inga tydeleg grense mellom busksteppe, halvørken og eigenleg ør ...

                                               

Isostasi

Isostasi er eit geologisk omgrep for tendensen jordskorpa har til gå mot ein tilstand av jamvekt. Som regel vil den ytre, harde litosfæren og den lågare, seigtflytande astenosfæren gå mot jamvekt ved at jordskorpeplatene "flyt" ei viss høgd som p ...

                                               

Jettegryte

Ei jettegryte er ei grop i fast berg som mellom anna finst mange plassar i Noreg. Jettegrytene kan vera berre små, på storleik med ei vanleg gryte, og vidare alle variantar opp til fleire meter i diameter. Ein finn dei fleste jettegrytene på stad ...

                                               

Karst

Sjå òg Kras som karst er kalla opp etter. Karst er eit landskap av oppløyste lag i grunnfjellet, vanlegvis karbonatbergartar som kalkstein eller dolomitt. Desse landskapa har ofte karakteristiske overflater og vatn som forsvinn ned i grunnen. Nok ...

                                               

Landheving

Landheving er heving av jordskorpa i forhold til havnivået. I område som var dekt av innlandsisen, blant anna Norden og Canada, får ein postglasial landheving. I andre område, der jordskorpeplatene møtest, får ein tektonisk landheving. Rørslene t ...

                                               

Marin grense

Marin grense, forkorta MG, er det høgaste nivået havet har hatt på ein stad etter at det vart fritt for is ved slutten av siste istida. Ho vert avgjort ved høgda av strandhakk, strandlinjer og breelvdelta, ofte med restar etter marine dyr. Årsaka ...

                                               

Meander

Meander eller elvesving er ein spesiell type elvebuktingar som blir danna i elvar på svært svakt hellande underlag. Nemninga meander har opphav i namnet på den sterkt slynga elva Menderes eller Büyük Menderes, antikkens Maiandros i Anatolia i Tyr ...

                                               

Monolitt

Ein monolitt er ein geologisk formasjon som eit fjell, som består av ein enkel massiv stein eller klippe, eller eit monument eller ein stein plassert som eit monument. Erosjon er den vanlegaste årsaka til den geologiske formasjonen, som ofte best ...

                                               

Pals

Pals er ein haug eller rygg på myr, som er over 1 meter høg og inneheld ein kjerne av permafrost. Telen går ned under grunnvassnivå. Palsmyr dannast i område med lite nedbør og låg gjennomsnittleg årstemperatur, i Noreg hovudsakleg i indre strøk ...

                                               

Peneplan

Eit peneplan er eit landområde som er nesten plant etter lang tids erosjon og blir danna i område som har vore tektonisk stabile i fleire titals eller hundrevis av millionar år. Når elvar og bekkar har kome ned til erosjonsbasis, vil dei byrje å ...

                                               

Regolitt

Regolitt er eit lag av laust varierande materiale som dekker den harde berggrunnen. Det er regolitt på jorda, månen, somme asteroidar og andre planetar. Regolitten på jorda er komen til ved forvitring og biologiske prosessar. Regolitt med høg del ...

                                               

Sete i geologi

Eit sete er eit markert strandlinjehakk i ein fjellskråning. I Noreg er dei mest kjende frå Østerdalen og tilgrensande dalføre, der dei er danna langs store, bredemde sjøar i samband med nedsmeltinga av innlandsisen etter siste istida.

                                               

Solifluksjon

Solifluksjon, jordsig eller jordflyting er ei langsam gliding av finkorna jordartar på hellande marker, særleg i høgfjells- og polarstrok. Kvar gong jorda tinar etter frost, vil ho vere vassmetta og sige litt nedover med tyngdekrafta. I skråninga ...

                                               

Strukturmark

Strukturmark, polygonmark eller rutemark er eit omgrep for overflateformer som vert danna i vassmetta, leirhaldig jord som avvekslande frys og tiner. I leirjord uten steininnblanding dannast tilnærma sekskanta polygon. Dei opptrer òg ved uttørrin ...

                                               

Trinn i geologi

Trinn eller terrassar i geologi er trappetrinnsaktige avsatsar i terrenget, men vert særleg nytta om avleiring med horisontal overflate, danna ved at ein del av ein fjord, innsjø eller sakte rennande elv er blitt fylt opp til vasspegelen med sedi ...

                                               

Vasskjelde

Ei kjelde, ile, olle eller oppkome er ein stad der grunnvatnet kjem fram i dagen. Dei finst ofte i skråningar der eit lag med sand ligg på eit vasstett leirlag eller på fast berggrunn. Vatnet vert reinsa i grunnen, slik at kjeldevatnet ofte er be ...

                                               

Ørken

Ein ørken er eit landskap eller ein region som får særs lite nedbør. Ofte vert ørkenar definert som område med mindre enn 250 mm nedbør per år, eller område der meir vatn fordampar enn det som vert tilført via nedbør. I Köppen si klimaklassifiser ...

                                               

Bifurkasjon

Sjå òg anatomisk bifurkasjon Ein bifurkasjon, gaffeldeling, er i geografisk tyding ei forgreining av ei vasskjelde til to eller fleire elver. Det skjer når når ein innsjø eller eit myrområde har meir enn eitt utlaup, som i dømet Lesjaskogsvatnet ...

                                               

Bøttemodellen

Bøttemodellen er den enklaste modellen for å estimere kor mykje vatn som finst i eit jordsmonn. Modellen baserer seg på at ein har ei fast mengd vatn i jordsmonnet som kan utnyttast til evapotranspirasjon. Bøttemodellen er som følgjer: ∂ w ∂ t = ...

                                               

Darcy

Ein darcy og millidarcy er ei måleining for permeabilitet, kalla opp etter Henry Darcy. Måleininga er ikkje ei SI-eining, men vert mykje nytta i petroleumsindustrien og geologi. Som andre mål for permeabilitet har ein darcy dei same eingane som a ...

                                               

Elvebrott

Elvebrott er særleg kraftige utslag av den gravande eller eroderande effekten til ei elv. Dette vil som regel finna stad ved flaum og berre i strok der elvebreiddene består av lause jordartar. Elva undergrev breidda slik at det rasar ut, og ho ka ...

                                               

Endorheisk nedslagsfelt

Eit endorheisk nedslagsfelt eller bekken er eit lukka nedslagsfelt der vatnet ikkje renn vidare til havet. Normalt vil vatn i eit nedslagsfelt renne til havet via elvar eller gjennom porøst grunnfjell. I eit endorheisk nedslagsfelt vil regn berre ...