ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 218




                                               

Aucanquilcha

Aucanquilcha er ein vel 6 000 moh høg stratovulkan i Antofagasta-regionen i det nordlege Chile, vest for grensa til Bolivia. Han består av fleire overlappande kjegler langs ein lang rygg. Vulkanen har svak episodisk fumarole-aktivitet og store sv ...

                                               

Vulkanen Chaitén

Chaitén er ein vulkansk kaldera med ein diameter på 3 km, som ligg 17 km vest for den isdekte vulkanen Michinmahuida og 10 km nordaust for byen Chaitén, nær Corcovadobukta sør i Chile. Det siste utbrotet starta 2. mai 2008 og enda i 2010. I følgj ...

                                               

Isluga

Isluga er ein 5 550 moh høg stratovulkan i Tarapaca-regionen i det nordlege Chile, 7 km vest for landegrensa mellom Chile og Bolivia og ved vestenden av ei gruppe vulkanar som ligg på rekke i retninga aust-vest. Vulkanane Cabaray og Tata Sabaya l ...

                                               

Lascar

Lascar er ein 5 592 moh høg stratovulkan på høgfjellsplatået i Antofagasta-regionen i det nordlege Chile, aust for Salar de Atacama, tett vest for vulkanen Aguas Calientes, og nordaust for saltsjøen Laguna Lejía. Lascar er den mest aktive vulkane ...

                                               

Licancabur

Licancabur er ein 5 920 moh. høg stratovulkan på landegrensa mellom Chile og Bolivia. Vulkanen reiser seg tett sørvest for innsjøen Laguna Verde i Bolivia. Vulkanen dominerer landskapet i Salar de Atacama-området. Sjølve fjelltoppen og krateret l ...

                                               

Llaima

Llaima er ein av dei største og mest aktive vulkanar i Chile. Han ligg 82 km nordaust for Temuco og 663 km søraust for Santiago, innanfor Conguillío nasjonalpark.

                                               

Monte Darwin

Monte Darwin er eit av dei høgste fjella i Eldlandet. Den nær 2 500 meter høge fjelltoppen ligg i den chilenske delen av Storøya i Eldlandet. Monte Darwin ligg i fjellkjeda Cordillera Darwin på nordsida av Beagle-kanalen. Fjellet er dekt av isbre ...

                                               

Vulkanen Osorno

Osorno er ein 2 652 meter høg, kjegleforma stratovulkan som ligg mellom Osorno-provinsen og Llanquihue-provinsen i Los Lagos-regionen i Chile. Han ligg på søraustbreidda av Llanquihuesjøen, og tårnar òg over Todos los Santos-sjøen. Osorno er kjen ...

                                               

Puyehue-Cordón Caulle

Puyehue og Cordón Caulle er to samanvaksne vulkanar som dannar eit stort fjellmassiv i Puyehue nasjonalpark i Andes i Ranco-provinsen i Chile. Innan vulkanologien vert denne gruppa kalla Puyehue-Cordón Caulle-vulkankomplekset. Fire forskjellige v ...

                                               

Vulkanen San Pedro

Vulkanen San Pedro er ein av dei høgstliggjande, aktive vulkanane i verda. Det 6 145 moh høge fjellet ligg i utkanten av Atacama-ørkenen i Antofagasta-regionen i det nordlege Chile. Tett aust for San Pedro ligg grannevulkanen San Pablo, mellom de ...

                                               

Tinguiririca

Tinguiririca er ein 4 280 meter over havet høg aktiv stratovulkan i OHiggins-regionen i det sentrale Chile, nær grensa mot Argentina. Konstant fumarole-aktivitet føregår i vulkankrateret og heite kjelder og fumaroler kan også sjåast på vestskråni ...

                                               

Cordillera de la Costa

Cordillera de la Costa, dei chilenske kystfjella, er ei fjellkjede som går frå nord til sør langs stillehavskysten, parallelt til Andesfjella frå Morro de Arica i nord til Taitao Peninsula, der han endar ved Det chilenske trippelpunktet, i sør. F ...

                                               

Chilensk geologi

Chile ligg i Andesfjella, men landskapet fell bratt mot ei subduksjonssone ved kysten. Ved kysten finst to landformer som er orientert parallelt med Andesfjella: Valle Central, den sentrale dalen, som er ein graben og eit forland, og Cordillera d ...

                                               

Den antarktiske plata

Den antarktiske plata er ei jordskorpeplate som inneheld kontinentet Antarktika og strekkjer seg utover og under havet omkring. Den antarktiske plata grensar nesten berre til midthavsryggar. Dei tilstøytande platene er Nazcaplata, Den søramerikan ...

                                               

Brunswick-halvøya

Brunswick-halvøya er ei stor halvøy heilt sør i på det chilenske fastlandet. Halvøya dekkjer eit areal på om lag 6300 km2. Den største busetnaden på halvøya er byen Punta Arenas, som ligg på austkysten. Halvøya ligg i Punta Arenas kommune, i prov ...

                                               

Taitaohalvøya

Taitaohalvøya er ei halvøy som strekkjer seg vestover frå fastlandet i Chile, som ho er knytt til via det smale Ofquieidet. Innfødde og tidlege misjonærer brukte å bere båtane sine over dette eidet mellom Moraledakanalen og Penasbukta. Halvøya li ...

                                               

Drakesundet

Drakesundet er sundet mellom sørtuppen av Sør-Amerika ved Kapp Horn i Chile og Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Det knyter saman den sørvestlege delen av Atlanterhavet og den søraustlege delen av Stillehavet og strekkjer seg inn i Sørishavet. Sund ...

                                               

Magellansundet

Magellansundet er eit sund i Chile, nær sørspissen av Sør-Amerika. Det skil det søramerikanske fastlandet frå øygruppa Eldlandet. Sundet er oppkalla etter sjøfararen Ferdinand Magellan. Sundet er ein viktig naturleg passasje mellom Stillehavet og ...

                                               

Chiloé-øya

Chiloé-øya er den største øya i Chiloé-arkipelet på stillehavskysten av Chile. Øya ligg i det sørlege Chile, i regionen Los Lagos.

                                               

Dawson-øya

Dawson-øya er ei chilensk øy og ei av dei nordlegaste øyane i Eldlandet. Dawson-øya ligg i Magellansundet, sørvest for Brunswick-halvøya og nord for Storøya i Eldlandet. Det finst tre mindre busetnader på øya: Puerto Harris, Puerto San Antonio og ...

                                               

Hornos-øya

Hornos-øya er ei lita chilensk øy. Ho er den sørlegaste av Hermite-øyane, heilt sør i øygruppa Eldlandet. Øya er mest kjend for sørspissen; Kapp Horn. Øyane ligg administrativt i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica C ...

                                               

Hoste-øya

Hoste-øya er ei chilensk øy og den nest-største av øyane i Eldlandet. Berre Storøya i Eldlandet er større. Øya har ein rik flora med skogar av sørlege tre. Vestdelen av øya ligg i Alberto de Agostini nasjonalpark. Sørspissen av øya har fått namne ...

                                               

Navarino-øya

Navarino-øya er ei øy heilt sør i Chile i øygruppa Eldlandet. Administrativt ligg øya i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena.

                                               

Picton, Lennox og Nueva

Picton, Lennox og Nueva er tre chilenske øyar som høyrer til øygruppa Eldlandet. Administrativt ligg dei i provinsen Antártica Chilena i Región de Magallanes y de Antártica Chilena. Øyane ligg i Beaglekanalen, langt søraust i øygruppa, aust for N ...

                                               

Antioquia-departementet

Antioquia er eit departement nordvest i Colombia som grensar til nabodepartementa Córdoba, Sucre, Bolívar, Santander, Boyacá, Caldas, Risaralda og Chocó. I nord ligg Atlanterhavet. Antioqia er ein av 32 delstatar i Colombia. Antioqia er den nest ...

                                               

Atlántico-departementet

Atlántico er eit departement nord i Colombia som grensar til nabodepartementa Magdalena og Bolívar. I nord grensar han til Atlanterhavet. I tillegg til hovudstaden i departementet Barranquilla er Galapa, Malambo og Sabanalarga viktige byar. Atlán ...

                                               

Boyacá-departementet

Boyacá er eit departement i det sentrale området av Colombia. Departementet grensar til Venezuela og dessutan til nabodepartementa Arauca, Casanare, Cundinamarca, Antioquia, Santander og Norte de Santander. Geografisk strekkjer Boyacá seg frå fje ...

                                               

Chocó-departementet

Chocó er eit departement nordvest i Colombia. Dette er han einaste departementet som grensar både til Stillehavet og Atlanterhavet. Chocó er òg Colombias einaste grensedepartement mot Panama. I aust grensar han mot departementa Antioquia og Risar ...

                                               

Guaviare-departementet

Guaviare er eit av dei 32 departementa som saman med Bogotá hovudstadsdistrikt gjer ut for republikken Colombia. Departementet ligg i det sentrale området av landet innanfor amazonasregionen. Det grensar til nabodepartementa Guainía, Vaupés, Caqu ...

                                               

La Guajira-departementet

La Guajira er eit departement nordaust i Colombia som grensar til nabodepartementa Cesar og Magdalena og dessutan til Venezuela og Karibhavet. Arealet gjer ut for det meste av Guajira-halvøya i den nordaustlege delen av landet, ved den nordlegast ...

                                               

Meta-departementet

Meta er eit departement i Colombia som grensar til nabodepartementa Vichada, Guaviare, Caquetá, Huila, Cundinamarca, Casanare og dessutan til hovudstadsområdet Bogotá. Departementet ligg sentralt i landet i vestre del av slettelandet Llanos. Her ...

                                               

Valle del Cauca-departementet

Valle del Cauca er eit departement vest i Colombia som ligg ut mot Stillehavet. Departementet grensar til nabodepartementa Risaralda, Quindío, Cauca, Tolima og Chocó. Hovudstaden ligg i Santiago de Cali. Andre byar er Buenaventura, Buga, Cartago ...

                                               

Øygruppa San Andrés, Providencia og Santa Catalina

San Andrés y Providencia er eit departement i Colombia. Departementet består av øyar og skjergard og ligg om lag 775 kilometer nord for kysten av Colombia og om lag 80 kilometer frå kysten av Nicaragua. Hovudstaden er San Andrés.

                                               

Cauca

Cauca er ei elv i Colombia som renn frå sør mot nord mellom den vestlege og den sentrale fjellkjeda av Andes. Frå utspringet i det sørvestlege Colombia, nær byen Popayán i Cauca-departementet, flyt ho til i Magdalenaelva nær byen Pinillos i depar ...

                                               

Inírida

Inírida er den største sideelva til elva Guaviare i den kolombianske delen av Orinoco-bassenget. Lengda på elva er ca. 1 300 kilometer, dei nedste 1000 km er farbare for små fartøy. Det er stryk og fossefall i den øvre og midtre delen av elva. El ...

                                               

Magdalenaelva

Magdalena er den viktigaste elva i Colombia. Ho strøymer nordover ca. 1528 kilometer gjennom den vestlege halvdelen av landet til ho tømmer seg gjennom eit delta mot Det karibiske havet. Elva er farbar gjennom mykje av den nedre delen, sørover så ...

                                               

Orinoco

Orinoco er ei av dei lengste elvane i Sør-Amerika med ei lengd på 2 410 km. Bekkenet som elva drenerer dekkjer ca. 880 000 km², av det ligg meir enn tre fjerdepartar i Venezuela. Elva vert ofte også kalla Orinoquia, spesielt i Colombia. Orinoco o ...

                                               

Otún

Otún er ei elv i Risaralda-departementet i Colombia. Vasskjelda er Otún-sjøen som ligg i eit krater av ein utdøydd vulkan innanfor Los Nevados nasjonalpark, sjøen er fødd av smeltevatn frå vulkanen Nevado Santa Isabel. Otún-elva munnar ut i Cauca ...

                                               

Chiribiquete nasjonalpark

Chiribiquete nasjonalpark er den største nasjonalparken i Colombia og den største nasjonalparken i verda for vern av tropisk regnskog. Parken vart etablert den 21. september 1989 med eit areal på 13 000 km2. Han er utvida i to omgangar, først i 2 ...

                                               

Las Orquídeas nasjonalpark

Parque Nacional Natural Las Orquídeas eller Las Orquídeas nasjonalpark er ein nasjonalpark i Antioquia-departementet i Colombia. Han ligg nordvest i landet, 300 km nordvest for hovudstaden Bogotá. Parken ligg rundt 2 801 meter over havet. Parken ...

                                               

Los Nevados nasjonalpark

Los Nevados nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg i den sentrale fjellkjeda av Andes i Colombia. Parken inkluderer den nordlege vulkangruppa av fleire stratovulkanar, med Nevado del Ruiz og Nevado del Tolima som dei høgste, begge strekker seg ...

                                               

Munchique nasjonalpark

Munchique nasjonalpark er ein nasjonalpark som ligg i Cauca-departementet i vestre Andes-regionen, Colombia. Det er 30 elver og 40 fossar i området. Mangfaldet av temperatursonar gjer parken til eit paradis for fuglar, spesielt kolibriar.

                                               

Paramillo-massivet

Paramillo-massivet er ei fjellkjede i den tropiske delen av Andes. Det ligg i nordenden av Cordillera Occidental i Colombia. Den høgaste toppen i kjeda er Cerro Paramillo på 3730 moh.

                                               

Parque nacional natural Sumapaz

Parque nacional natural Sumapaz er ein colombiansk naturpark på 1540 kvadratkilometer, skipa i 1977. Han dekker delar av tre departement i Colombia, dette er Cundinamarca, Meta og han går òg litt inn i Huila. Parken ligg like sør for Bogotá, D.C. ...

                                               

Nevado del Ruiz

Nevado del Ruiz, òg kjent som Cumanday på språket til urfolket, er ein vulkan i det andinske vulkanbeltet i Colombia med eit toppunkt på over 5300 moh. Han ligg på grensa mellom departementa Caldas og Tolima, omtrent 129 kilometer vest for hovuds ...

                                               

Nevado del Tolima

Nevado del Tolima er ein stratovulkan i det andinske vulkanbeltet i Colombia. Han har vore aktiv frå sein pleistocen til i dag. Vulkanen ligg sør for Nevado del Ruiz, innanfor Los Nevados nasjonalpark og innanfor Tolima-departementet. Toppunktet ...

                                               

Roskilde amt

Roskilde amt vart opretta i 1970 ved at Roskilde Amt og byane Roskilde og Køge gjekk saman, etter mindre grenseendringar som fylgje av kommunesamanslåing. Amtet var ein del av hovudstadsregionen i Danmark. Amtet hadde fylgjande kommunar: Roskilde ...

                                               

Jammerbugt

Jammerbugt er ei bogeforma 100 kilometer lang kyststrekning på vestsida av Nørrejyske Ø i Danmark, mellom Hirtshals, Løkken og Bulbjerg. Bukta er eigenleg ein lut av Skagerrakkysten. Sørover går Jammerbukt over i Vigsø Bugt mot Hanstholm. Kyststr ...

                                               

Køge Bugt

Køge Bugt er ei bukt aust for Aust-Sjælland mellom Avedøre i nord og halvøya Stevns i sør. Den gamle byen Køge ligg sentralt i bukta. Det samla arealet til bukta utgjer om lag 500 km², og ho har ei middeldjupne på rundt 10 meter. Vatnet er lite s ...

                                               

Alstrup

Alstrup i Besser Sogn Alstrup i Brarup Sogn Alstrup i Mariager Sogn Alstrup i Himmerland Alstrup i Rubjerg Sogn Alstrup i Naur Sogn Alstrup i Alstrup Sogn i Vendsyssel)