ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 208




                                               

RS "Vadsø"

RS 26 7 "Vadsø" var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1912. Ho vart konstruert av Colin Archer i Larvik, og bygd AS Brødrene Marcussen i Lyngør. Det vart innsett motor i 1941-1943. Då vart ho og ombygd. Ombygginga kosta meir enn 98 0 ...

                                               

RS "Willie Wilhelmsen"

RS "Willie Wilhelmsen" var ei redningsskøyte bygd for Redningsselskapet i 1939. Ho vart konstruert av Bjarne Aas, og bygd av K. Christensen & Co. i Risør. I tillegg til segl vart ho utrusta med ein Wichmann glødehovudmotor på 90/140 hk. I 1972 va ...

                                               

Jutulsessen

Jutulsessen er ein nunatak i Gjelsvikfjella i Dronning Maud Land i Antarktis. Det ligg på Kronprinsesse Märtha Kyst, 2.5 km frå kysten og Kong Haakon 7 Hav. Den norske forskingsstasjon Troll og den tilknytte Troll satellittstasjon ligg ved Jutuls ...

                                               

Troll-stasjonen

Troll er ein forskingsstasjon som ligg ved Jutulsessen, 235 km frå kysten i den austlege delen av Kronprinsesse Märtha Kyst i Dronning Maud Land i Antarktis. Han er den einaste heilårsstasjonen til Noreg i Antarktis og vert nytta i lag med sommar ...

                                               

Torbjørn Digernes

Torbjørn Digernes er ein norsk fysikar som var rektor for NTNU i Trondheim frå 2005 til 2013. Han er sjølv tidlegare student frå det som den gongen var Norges Tekniske Høgskole NTH, der han vart uteksaminert som sivilingeniør ved lina for teknisk ...

                                               

Kaare Høeg

Kaare Høeg er ein norsk sivilingeniør. Han tok doktorgrad ved Massachusetts Institute of Technology i USA i 1965. Han arbeidde som professor ved Stanford University i USA frå 1968 til 1974, og frå 1974 til 1991 var han administrerande direktør fr ...

                                               

Kjell Johnsen (1921–2007)

Han tok artium ved Fana gymnas i 1941 og studerte til sivilingeniør ved NTH i Trondheim. Allereie i doktorgradsarbeidet sitt ved Chr. Michelsens Institutt i Bergen studerte han dei fysiske og matematiske eigenskapane til ladde partiklar sine indi ...

                                               

Erik Brand Olimb

Erik Brand Olimb var ein norsk sivilingeniør. Han var aktiv innanfor transportsektoren, offshoresektoren og teknologisektoren i Noreg. I perioden 1960 -1968 bygde han opp Transportøkonomisk institutt TØI frå ei lita verksemd til ein sentral forsk ...

                                               

Sverre Quale

Sverre Quale er ein norsk sivilingeniør utdanna ved NTH. Quale har hatt ulike stillingar i Saga Petroleum med ansvar for tryggleik og kvalitet. Han var direktør for Statens jernbanetilsyn frå 1999 til 2001. Frå 2001 til 2003 var han direktør i Av ...

                                               

Geir Inge Sivertsen

Geir Inge Sivertsen er ein norsk politikar og forretningsmann. Han var fiskeriminister i regjeringa Solberg frå 24. januar til 2. mars 2020. Frå 2011 til 2019 var han ordførar i Lenvik kommune, der han hadde sete i kommunestyret sidan 1999. Frå 2 ...

                                               

Roald Tangen

Roald Tangen var ein norsk fysikar og rekna som å vere den som starta norsk kjernefysisk forsking på partikkelakseleratorar. Etter examen artium 1931 vart han siv.ing. i sterkstraum ved NTH i 1936. Han vart ein av mange assistentar til Johan Pete ...

                                               

Bjørn Trumpy

Bjørn Trumpy var ein norsk fysikar. Trumpy er kjend for undersøkingar innan atom- og molekylærfysikk, kosmisk fysikk og kjernefysikk. Han nedla òg eit stort arbeid i samband med opprettinga av Universitetet i Bergen og var den første rektoren på ...

                                               

Harald Wergeland

Harald Wergeland var ein norsk teoretisk fysikar. Etter examen artium på Eidsvoll blei han kjemiingeniør frå NTH i 1936, og dr. philos. frå Universitetet i Oslo 1942, visiterande hos Werner Heisenberg i Leipzig 1937-39 og under Egil Hylleraas i O ...

                                               

Tore Wessel-Berg

Tore Wessel-Berg var ein norsk sivilingeniør og professor i elektronikk som var med på å forska fram elektronrøyret klystron. Wessel-Berg var fødd i Modum. Han tok eksamen frå Noregs tekniske høgskule ved elektroavdelinga i 1950 og vart dr.techn. ...

                                               

Knut Åm

Knut Åm er ein norsk sivilingeniør og styremedlem i Statoil frå 1999. Han har vore tilsett i Oljedirektoratet, Statoil og sidan 1982 i Phillips Petroleum Company, der han var viseadministrerande direktør for Phillips Petroleum Comp., Norway i 198 ...

                                               

Forsvarets forskingsinstitutt

Forsvarets forskingsinstitutt er ein statleg forskingsinstitusjon underlagt Forsvarsdepartementet med ansvar for forsking og utvikling for behova til Forsvaret. FFI er eit tverrfagleg institutt, og har melom anna tilsette med fagbakgrunn innan ma ...

                                               

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress

Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress er eit norsk statleg forskingsinstitutt i Oslo som driv forsking, undervising, rådgjeving og formidling innan valds- og traumefeltet, med særleg vekt på katastrofehandtering og stressmeistrin ...

                                               

NORSAR

NORSAR er eit uavhengig forskingsinstitutt på Kjeller med spesialfelt innan forsking, tenester og programvareutvikling relatert til seismologi og geofysikk. NORSAR har ansvar for og opererer nokre av verdas største jordskjelvstasjonar, og har mei ...

                                               

KNM "Horten"

KNM Horten er eit skip i den norske marinen. Fartøyet vart bygd ved Horten verft i 1978. Opphavleg var KNM Horten støttefartøy for undervassbåtar og missiltorpedobåtar. I 1985 vart KNM Horten mellombels kongeskip. Frå 1989 var fartøyet skvadronbå ...

                                               

Haitisk geografi

Republikken Haiti utgjer den vestlege tredjedelen av øya Hispaniola, vest for Den dominikanske republikken. Øya ligg mellom Det karibiske havet og Atlanterhavet. Landet har eit areal på 27 750 km², og av dette er 27 560 km² landjord og 190 km² va ...

                                               

Adriahavet

Adriahavet er eit relativt lite havområde på vestsida av Middelhavet mellom halvøyane Italia og Balkan og mellom Appenninane og Dei dinariske Alpane. Italia utgjer vestkysten, medan austkysten går langs Italia, Slovenia, Kroatia, Bosnia-Hercegovi ...

                                               

Dukagjini

Dukagjini er ein region nord i Albania og vest i Kosovo, der fjellkjeda Prokletije ligg. Ho er ei forlenging av Dei dinariske Alpane. Det høgaste punktet her er Maja Jezerce på 2694 moh. Regionen er ein del av distriktet Shkoder i Albania.

                                               

Malësia

Malesia er ein region nord i Albania og aust i Montenegro. Det består av eit stort landområde som strekkjer seg frå området søraust for Podgorica til nordsida av Shkodersjøen og inkluderer ein god del av Malesi e Madhe distrikt i Albania.

                                               

Alboransjøen

Alboransjøen er den vestlegaste delen av Middelhavet og ligg mellom Spania i nord og Marokko og Algerie i sør. Gibraltarsundet, som ligg i vestenden av Alobransjøen, knyter Middelhavet til Atlanterhavet. Middeldjupna til havområdet er 1461 meter ...

                                               

Kabylia

Kabylia er ein historisk og etnisk region i Nord-Algerie som ligg mellom Alger i vest og Skikda i aust. Han er ein del av Tell-Atlas og ligg i den vestre enden av Middelhavet. Kabylia dekkjer fleire provinsar i Algerie: heile Tizi Ouzou og Bejaia ...

                                               

Pyrenéhalvøya

Pyrenéhalvøya ligg heilt sørvest i Europa. Her ligg Spania, Portugal, Andorra og Gibraltar og eit veldig lite område av Frankrike. Ho er den vestlegaste av tre store halvøyar i Sør-Europa – Pyrenéhalvøya, Den italienske halvøya og Balkan. Ho gren ...

                                               

Altiplano

Altiplano er ein geografisk definert region i den breiaste sona av Andes i Sør-Amerika som inkluderer samanhengande sletteområde i vestlege Bolivia og litt av nordre Chile, nordvest i Argentina og litt av sørlege Peru. Territoriet ligg over ca. 3 ...

                                               

Pampas

Pampas er namnet på eit tørt, grasdekt sletteområde i Sør-Amerika. Pampasen ligg hovudsakleg i Argentina mellom Rio Negro, Atlanterhavet, munningen av La Plata, Rio Paraná og Chaco, men strekkjer seg også inn i Uruguay og i Rio Grande do Sul i Br ...

                                               

Patagonia

Patagonia er det tradisjonelle namnet på den sørlegaste delen av Sør-Amerika i Chile og Argentina Då definerer ein gjerne området som sør for Río Colorado til Kapp Horn på Eldlandet. Området omfattar den sørlege delen av Andesfjella, Valdivia-pro ...

                                               

Río de la Plata

Río de la Plata er ei havbukt eller eit estuar danna av elvene Uruguay og Paraná. Ho ligg mellom Uruguay og Argentina. Ho renn ut i Atlanterhavet, der ho danna eit traktforma innskjering i den søraustlege kystlinja til Sør-Amerika". Ulike geograf ...

                                               

Valdes-halvøya

Valdes-halvøya er ei halvøy i Atlanterhavet utanfor Argentina Ho er rundt 3625 km² stor. Halvøya vart sett på verdsarvlista til UNESCO i 1999.

                                               

Bakubukta

Bakubukta er ei naturleg hamn på sørsida av Absjeronhalvøya i Kaspihavet i Aserbajdsjan. Byen Baku ligg langs heile bukta. Ho har eit areal på 50 km² og ei kystlinje på 20 km. Bukta grenser til Sultanneset i aust, Sjikhneset i sørvest og øyane Qu ...

                                               

Elburz skogssteppe

Elburz skogssteppe er ein økoregion i Asia med tørre fjellområde, som bogar seg tusen kilometer sørover frå Kaspihavet og over det nordlege Iran frå grensa til Aserbajdsjan til nær grensa til Turkmenistan. Området dekkjer 63 300 km² og omfattar d ...

                                               

Hyrkansk skog

Hyrkansk skog er ein økoregion ved den sørlege kysten til Kaspihavet i det nordlege Iran og søraustlege Aserbajdsjan. Skogen er oppkalla etter oldtidsriket Hyrkania. Den naturlege vegetasjonen er frodig og artsrik lauvskog som trivst i det jamt f ...

                                               

Nakhitsjevan

Nakhitsjevan er ein autonom republikk som tilhøyrer Aserbajdsjan. Området er ein eksklave med Armenia mellom seg og resten av landet. Nakhitsjevan er 5 500 km² stort og har omkring 310 000 innbyggjarar. Hovudstaden er Nakhitsjevan. Forutan mot Ar ...

                                               

Sjirvan

Sjirvan, òg skrive Shirvan, Sharvan, Shirwan, Shervan, Sherwan og Šervan, er ein historisk region aust i Kaukasus, og framleis er dette namnet i bruk om området i dag. I dag er regionen eit industri- og jordbruksområde i Aserbajdsjan som strekkje ...

                                               

Böhmerwald

Böhmerwald er ei låg fjellkjede i Sentral-Europa. Ho strekkjer seg frå Sør-Böhmen i Tsjekkia til Austerrike og Bayern i Tyskland. Ho dannar ein naturleg grense mellom Tsjekkia på eine sida og Tyskland og Austerrike på den andre. Av historiske års ...

                                               

Den pannoniske sletta

Den pannoniske sletta er ei stor slette i Sentral-Europa, og som er restane etter det uttørka pannoniske havet frå pliocen-perioden. Elva Donau deler sletta om lag i to.

                                               

Devínporten

Devínporten eller Hainburgerporten er ein naturleg port i Donaudalen på grensa mellom Slovakia og Austerrike. Formasjonen startar nedanfor Bratislava slott og er 11.5 km lang og 2-7 km brei. Sjølve porten starta nedanfor Devín slott og endar nær ...

                                               

Den vesle ungarske sletta

Den vesle ungarske sletta eller Vesle Alföld er ei slette på om lag 8 000 km² nordvest i Ungarn, sørvest i Slovakia og aust i Austerrike. Ho er ein del av Den pannoniske sletta som dekker det meste av Ungarn.

                                               

Wienerbekkenet

Wienerbekkenet er eit sedimentasjonsbasseng mellom Alpane og Karpatane. Meir enn halvparten av Wienerbekkenet ligg i Niederösterreich, medan resten er delt mellom Tsjekkia og Slovakia. Det forholdsvis flate området er nokså langstrakt, og er 50 k ...

                                               

Den ytre karpataiske senkinga

Den ytre karpatiske senkinga er eit lågtliggande område som ligg omkring Vest-Karpatane. Området inkluderer nordvestlege område av Romania, sentrale område av Ungarn, vestlege delar av Slovakia, austlege område i Tsjekkia og Austerrike, sørlege o ...

                                               

Den austaustralske straumen

Den austaustralske straumen er ein havstraum som flyttar varmt vatn i retning med klokka ned austkysten av Australia. Han er den største havstraumen nær kysten av Australia. Straumen har kjelde i det tropiske Korallhavet utanfor nordaustkysten av ...

                                               

Bass-sundet

Bass-sundet er sundet som skil Australia og Tasmania. Det har namn etter George Bass som oppdaga det for europearane i 1797. Bass-sundet bind saman Tasmanhavet i Stillehavet og Australbukta i Indiahavet. Det er 340 kilometer langt og 200 kilomete ...

                                               

Den australske plata

Den australske plata er ei jordskorpeplate på den sørlege og austlege halvkula. Plata var opphavleg ein del av det historiske kontinentet Gondwana, og var knytt saman med Den indiske plata og Den antarktiske kontinentalplata for inntil omlag 100 ...

                                               

Leeuwinstraumen

Leeuwinstraumen er ein varm havstraum som flyt sørover nær vestkysten av Australia. Han rundar Kapp Leeuwin og går inn i farvatnet sør for Australia og strekkjer seg heilt til Tasmania. Vestaustraliastraumen sør i Indiahavet og Den søraustralske ...

                                               

Outback

Outback er eit stort, aude og tørt område i Australia, men namnet vert ofte nytta om alle landområde utanfor urbane område. Uttrykket "the outback" vert generelt nytta om stader som er forholdsvis meir fjerntliggande enn dei områda ein kallar "Th ...

                                               

Tasmanhavet

Tasmanhavet er det vide havområdet som ligg mellom Australia og New Zealand, om lag 2000 kilometer vidt. Det er ein sørvestleg del av det sørlege Stillehavet. Havområdet har fått namn etter den nederlandske oppdagaren Abel Tasman, den første euro ...

                                               

Timorhavet

Timorhavet er eit randhav til Indiahavet, og som ligg nord for Australia og sør for øya Timor. I aust går Timorhavet over i Arafurahavet, eit randhav til Stillehavet. Timorhavet er 480 km breidt, og dekker eit område på 610 000 km². Djupaste punk ...

                                               

Bahrainsk geografi

Bahrain består av ei øygruppe på 37 øyar i Persiabukta, nær kysten av Den arabiske halvøya. Hovudstaden i Bahrain er Manama. Øyane ligg kring 24 kilometer frå austkysten av Saudi-Arabia og 28 kilometer frå Qatar. Det samla arealet av øyane er kri ...