ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 173




                                               

Harald Eiriksson

Harald Eiriksson, òg kalla Harald Unge, var jarl på Orknøyane i 1190-åra, til han døydde i 1198. Han vart truleg fødd ein gong etter 1056 og han var jarl samtidig med Harald Maddadsson jarl.

                                               

Harald Maddadsson

Harald Maddadsson var jarl på Orknøyane i omkring 68 år, frå 1138 til han døydde. I periodar styrte han saman med Ragnvald Kale Kolsson jarl, Erlend Haraldsson jarl og Harald Eiriksson jarl.

                                               

Håkon Pålsson

Håkon Pålsson, truleg fødd omkring 1080, var jarl på Orknøyane frå om lag 1105 til 1123, ei tid saman med syskenbarnet Magnus Erlendsson som døydde omkring 1115.

                                               

Håvard Torfinnsson

Håvard Torfinnsson var jarl på Orknøyane, truleg ei stutt tid i 970-åra. Han er omtala i Orknøyingasoga, i soga om Håkon den gode, soga om Olav den heilage. Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiserast frå andre kjelder.

                                               

Inga frå Varteig

Inga frå Varteig var ei norsk kvinne som er vorten kjend som mor til Håkon Håkonsson, som ho fekk med kong Håkon Sverresson. Inga var ikkje gift med kongen, men bar jarnbyrd for å prova at sonen var av kongeleg ætt. Dette fann ifølgje overleverin ...

                                               

Ingjald Frodeson

Ingjald Frodeson var ei konge over skjoldungane i Danmark, i følgje Skjoldungasaga. Han er nemnd i Skjoldungasaga, hjå Saxo Grammaticus, og i Bjarkerimer. Han kan og vera skyldt den Ingeld som er nemnd i kvadet Béowulf. Etter Skjoldungasaga er In ...

                                               

Ljot den bleike

Ljot den bleike var ein berserk og holmgangsmann, kanskje av svensk avstamming, som levde i første halvdel av 900-talet. Han var truleg ein historisk person.

                                               

Ljot Torfinnsson

Ljot Torfinnsson, var jarl på Orknøyane, truleg frå slutten av 970-åra, til han døydde omkring 980. Han er omtala i Orknøyingasoga, i soga om Olav Tryggvason, soga om Olav den heilage. Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiseras ...

                                               

Lodve Torfinnsson

Lodve Torfinnsson var jarl på Orknøyane, truleg frå omkring 980, til han døydde omkring 991. Han er omtala i Orknøyingasoga, i soga om Olav Tryggvason, soga om Olav den heilage. Opplysningane er usikre og kan berre i liten grad verifiserast frå a ...

                                               

Magnus Erlendsson

Magnus Erlendsson, truleg fødd omkring 1080, var jarl på Orknøyane frå om lag 1108 til 1115, saman med syskenbarnet Håkon Pålsson. 21 år etter at han døydde, vart han kåra til helgen; minnedagen hans er 16. april.

                                               

Olav Ugjæva

Olav Ugjæva var eit kongsemne under borgarkrigstida i Noreg. Han tok kongsnamn i 1167, men vart året etter nøydd å flykta til Danmark, der han døydde. Olav var son til Gudbrand Skavhoggsson Guðbrandr Skafhǫggsson og Maria Øysteinsdotter María Eys ...

                                               

Pål og Erlend Torfinnsson

Pål Torfinnsson og broren Erlend Torfinnsson var sams jarlar over Orknøyane. Begge var fødde nokre år før 1064 og begge døydde i 1098, Pål i Nidaros og Erlend i Bergen.

                                               

Pål og Harald Håkonsson

Pål Håkonsson "fåmælte" og halvbroren Harald Håkonsson "slettmæle" var sams jarlar på Orknøyane, etter at far deira, Håkon Pålsson, døydde omkring 1123. Det er ikkje kjent når dei vart fødde, men Harald døydde omkring 1127 og Pål døydde omkring 1136.

                                               

Ragnhild Erlingsdotter

Ragnhild Erlingsdotter var ei kvinne av kongeætt som kom frå Randaberg i Rogaland. Ho levde under den norske borgarkrigstida. Ragnhild var dotter av Erling Skakke og Kristin, dotter av Sigurd Jorsalfar. Ho var først gift med Jon Torbergsson som f ...

                                               

Ragnvald Brusesson

Ragnvald Brusesson var jarl på Orknøyane, saman med farbroren Torfinn Sigurdsson, frå tida rett etter 1035 til han døydde omkring 1046.

                                               

Ragnvald Kale Kolsson

Ragnvald Kale Kolsson var ein av dei sentrale jarlane på Orknøyane på 1100-talet. Han var ein dugande skald og han skal ha blitt kåra til helgen av pave Celestin III.

                                               

Ragnvald Mørejarl

Ragnvald Mørejarl, òg kalla Ragnvald Øysteinsson, levde på slutten av 800-talet og døydde truleg omkring 892. Snorre opplyser at han var ein av hovdingane som var knytt til Harald Hårfagre, men han er mest kjend som stamfaren til orknøyjarlane og ...

                                               

Reinald av Stavanger

Reinald vart den fyrste biskopen i Stavanger, truleg på 1120-talet. Hans store prosjekt var bygginga av Stavanger domkyrkje. Det har vore spekulert i om han var ein normannisk benediktinarmunk frå Winchester i England. Etter ei stund med kyrkjeby ...

                                               

Sigmund Ongul

Sigmund Ongul Andrésson var ein skald som levde på 1100-talet på Orknøyane. Truleg var han fødd på Man. Vi kjenner til denne skalden berre frå det som er fortalt om han i Orknøyingasoga kap. 78 og 87. Bakgrunnen for tilnamnet hans er ikkje kjent, ...

                                               

Sigurd Lodvesson

Sigurd Lodvesson, med tilnamnet Sigurd Digre, var jarl over Orknøyane frå omkring 991 til han døydde i 1014. Opplysningar om Sigurd finst mest detaljert i Orknøyingasoga, men han er òg nemnt i Heimskringla, i soga om Olav den heilage og i mange a ...

                                               

Sigurd Sigurdsson Markusfostre

Flokken til kong Håkon II Sigurdsson Herdebrei vart ikkje oppløyst då han døydde i 1162. Dei fann seg ein annan av Sigurd II Haraldsson Munn sine søner. Namnet hans var Sigurd. Sigurd var fostra hjå Markus på Skog, i Ringsaker. Av den grunn vart ...

                                               

Sigurd Slembe

Sigurd Magnusson Slembe eller "Slembedjakn" var ein norsk tronkrevjar i borgarkrigstida. Han døydde i 1139. Tilnamnet tyder noko nær "den usle". Sigurd kravde at halvbroren, Harald IV Gille, skulle dela riket med han. Begge var søner av kong Magn ...

                                               

Sigurd Øysteinsson

Sigurd Øysteinsson med tilnamnet "den mektige" blir rekna som den første jarlen på Orknøyane. Han styrte frå om lag 875 til han døydde, truleg på slutten av 880-åra.

                                               

Skule Bårdsson

Skule Bårdsson eller Hertug Skule, gamalnorsk Skúli Bárðarson, var ein norsk adeleg, jarl, hertug og kongsemne. Skule var fødd om lag i 1189. Han var son av Bård Guttormsson og halvbror av kong Inge Bårdsson. Då Inge døydde i 1217 vart den 13 år ...

                                               

Sumarlide Sigurdsson

Sumarlide er nemnt i Orknøyingasoga og i dei norrøne kongesogene, i Soga om Olav den heilage. Han var son til Sigurd Lodvesson jarl Sigurd Digre og det er ikkje opplyst noko om kven som var mor hans. Han hadde to yngre brør, Einar Vrangmunn, Brus ...

                                               

Torbjørn Svarte

Torbjørn Svarte var ein skald som levde på 1100-talet på Orknøyane. Det er uvisst kvar helst han kom frå, men Finnur Jónsson reknar han for ein orknøyisk skald. Sumaren 1151 drog Ragnvald jarl ut frå Orknøyane med 15 storskip, for å fare på pileg ...

                                               

Torfinn Einarsson

Torfinn Einarsson eller Torv-Einarsson, med tilnamnet Hausakljuv, var jarl på Orknøyane, truleg frå omkring 935 til 963. Han er omtala i Orknøyingasoga, i soga om Håkon den gode, soga om Olav den heilage og i andre av dei norrøne sogene. Opplysni ...

                                               

Torfinn Sigurdsson

Torfinn Sigurdsson òg kalla Torfinn den mektige levde i tida. Han var jarl på Orknøyane, først saman med dei tre halvbrørne sine, seinare saman med brorsonen Ragnvald, og til sist aleine, til han døydde omkring 1065.

                                               

Torulf Munnen

Torulf Munnen er nemnt i Skaldatal som ein av skaldane til Håkon Sigurdsson Jarl. Ein veit så godt som ingen ting om denne skalden. Finnur Jónsson gissar på at han er frå Island. Truleg er han den same skalden som i Skaldskaparmål Snorre Edda bli ...

                                               

Ynglingeætta

Ynglingeætta eller Skilvingane er namnet på ei halvmytisk kongeætt knytt til kultstaden Uppsala i Sverige. Ynglingekongane vart rekna som kongar av Svitjod eller Svealand. Ynglingane rekna seg som ætlingar av Frøy, som òg var kalla Ingve-Frøy. Sn ...

                                               

Yngvesønene

Yngvesønene Jorund/Jørund og Eirik var kongar av Ynglingeætta, søner av Yngve, den eine av Alrekssønene i følgje Snorre Sturlason. Dei var det tredje dømet på samkongar eller kongsbrør i Ynglingesoga. Brørne var berre små då faren Yngve og bror h ...

                                               

Øyvind Finnson Skaldespille

Øyvind Finnson Skaldespille var ein norsk skald, truleg fødd på Sandnes på Alsta eller på Tjøtta omkring år 912. Han døydde truleg ein gong i 990-åra.

                                               

Hogback

Hogback er den engelske arkeologiske nemninga på ein type låge, avlange og dekorerte steinskulpturar som vert tidfesta til tida frå nihundretalet til ellevehundretalet og finst i England, Skottland, Orknøyane og på Shetland, og dessutan éin i Irl ...

                                               

Høgsete

Høgsete viser til ein særskild og gjæv sitjeplass, no vanlegvis ved enden av eit langbord. Høgsetet var viktig i norrøn tid og i eldre nordisk bondekultur. Dette var den faste plassen til husbonden. I norrøn mytologi heitte høgsetet til Odin Lids ...

                                               

Høgsetestolpar

Høgsetestolpar var eit par trestolpar som stod ved høgsetet i norrøne langhus. ei skildring av stolpane ei av sogene blir det fortald at dei var utskorne med eit bilde av guden Tor. Islendingesoga Eyrbyggja saga fortel at då Þórólfur Mostrarskegg ...

                                               

Ǫ

Denne sida finst òg på høgnorsk - sjå "Hn/Ǫ". Ǫ er ein bokstav frå det latinske alfabetet. Han er i Noreg kjend frå norrøn tid, og vart uttala som ein låg, bakre, runda vokal, som kan jamførast med den norske å-ljoden i dag, men har jamnt over ut ...

                                               

Blot

Blot eller blót var ei rituell offerhandling i norrøn tid for å ære og påverka gudane. Skildringar av blot fortel om ofring av dyr, som hestar, storfe, grisar, hundar og høns, og ved nokre høve også menneske. Ein finn omtale av blot i den norrøne ...

                                               

Gullgubbe

Gullgubbe er ei arkeologisk nemning på miniatyrbilete i tynt gullblekk, somme i sølvblekk, frå jarnalderen. Bileta, som ikkje er større enn ein tommelfinger-negl, er anten prega inn i blekket frå baksida med eit stempel, ofte etterarbeida med ein ...

                                               

Mjølne

Mjølne eller Mjølner er hammaren og viktigaste våpenet til Tor i norrøn gudelære. Ifølgje Den yngre Edda ville hammaren alltid nå målet sitt, og slå så hardt brukaren måtte ønskja. Om han vart kasta mot noko ville han aldri bomma, og heller ikkje ...

                                               

Myrlik

Myrlik, òg kalla moselik, er naturlege mumifiserte menneskelik frå gamal tid som er funne i myrer i Nord- og Vest-Europa. Fleire av myrene har hatt ein særs god konserverande effekt på lika, og mange av dei har vore i så god stand at finnarane va ...

                                               

Berezanøya

Berezan er ei øy i Svartehavet ved inngangen til Dnepr-Bugestuaret i Otsjakiv rajon i Mykolaiv oblast i Ukraina. Øya er kring 900 meter lang og 320 meter brei. Ho er skild frå fastlandet av ei 2 km breitt sund. Berezan var ein av dei tidlegaste g ...

                                               

Birka

Birka er også namnet på eit norsk senter for kunst og handverk. Sjå kunstsenteret Birka. Birka var den første byen i Sverige og eit viktig senter for handel ved Austersjøen frå 700-talet. Byen låg på øya Björkö i Mälaren i Ekerö kommune. I vår ti ...

                                               

Bjarmeland

Bjarmeland og bjarmar er i den gammalnordiske litteraturen eit vanleg namn på trakta og folket ved Kvitsjøen, omkring elva Dvina, kvar det fanst ein by litt ovanfor elvemunninga. Bjarmane nemnast først i nordmannen Ottars forteljing til angelsaks ...

                                               

Cork

Cork er den nest største byen i Republikken Irland og den tredje største på Irland etter Dublin og Belfast. Han er det administrative senteret i County Cork og den største byen i provinsen Munster. Byen har om lag 120 000 innbyggjarar og med fors ...

                                               

Dorestad

Dorestad var ein av de viktigaste og mest suksessrike internasjonale handelsstader i Nordvest-Europa frå det 7. hundreår til midten av det 9. hundreår. Staden var situert hjå det noverande Wijk hjå Duurstede i Nederland og låg hjå vegskiljet til ...

                                               

Douglas på Isle of Man

Douglas er hovudstaden på Isle of Man. Han har 28 939 innbyggjarar. Byen ligg på austkysten av Man, der Douglas-elva renn ut i Douglas-bukta. Namnet er av det utdøydde språket manx, og tyder "mørkt vatn".

                                               

Dublin

Dublin er den største byen på øya Irland og hovudstad i Republikken Irland. Han ligg omtrent midt på austkysten av Irland, ved munningen til elva Liffey og midt i County Dublin. Han vart grunnlagd som ein vikingbusetnad og har vore den viktigaste ...

                                               

Elbląg

Elbląg er ein by nord i Polen med om lag 125 000 innbyggjarar. Han høyrer til Ermelandskmasuriske voivodskap og var tidlegare hovudstad i Elbląg voivodskap og kommunesenter Gdańsk voivodskap. Byen har ei hamn ved Elblągelva som renn ut i Wisłalag ...

                                               

Gamle Uppsala

Gamle Uppsala er eit fornminneområde i Uppsala kommun i Uppsala län i Uppland i Sverige, der mellom anna dei vidgjetne gravhaugane Uppsala högar og mellomalderkyrkja Gamla Uppsala kyrka ligg. Kyrkja var si tid både domkyrkje og sete for erkebisko ...

                                               

Gardarike

Gardarike er eit namn som vart nytta på området til aust-slavarane av vikingane frå Norden. Namnet tyder "riket med borgane", og oppstod som Garðar. På reisene gjennom Aust-Europa, til mellom anna Miklagard eller Jorsalaland, støtte vikingane på ...