ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 164




                                               

Bryllaupet mellom kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby

Bryllaupet mellom kronprins Haakon og Mette-Marit Tjessem Høiby fann stad 25. august 2001 i Oslo domkyrkje i Oslo. Kronprins Haakon Magnus av Noreg, som er nummer ein i arvefylgja til den norske trona og nummer 69 i arvefylgja til den britiske tr ...

                                               

Prins Eugen

Eugen Napoleon Nikolaus var ein svensk og norsk prins og kunstmålar. Han var den yngste sonen til kong Oscar II og Sofia av Nassau, bror til kong Gustav V. Eugen vart ofte omtala som kunstnarprinsen.

                                               

Kulturhistorisk museum

Kulturhistorisk museum er ein museumsorganisasjon ved Universitetet i Oslo. Organisasjonen blei oppretta i 1999 under namnet Universitetets kulturhistoriske museer då Oldsaksamlingen, Myntkabinettet og Etnografisk museum blei slått saman. I 2004 ...

                                               

Universitetets Oldsaksamling

Universitetets Oldsaksamling er ei avdeling av Kulturhistorisk museum som igjen er del av Universitetet i Oslo. Avdelinga er arkeologisk landsdelmuseum for Austlandet og Sørlandet. Oldsaksamlinga har kontor i Historisk museum i Frederiks gate 3, ...

                                               

Vikingskipshuset

Vikingskipshuset, som òg vert kalla Vikingskipsmuseet i daglegtale, er eit kulturhistorisk museum på Bygdøy i Oslo. Museet høyrer inn under Kulturhistorisk museum som ligg til Universitetet i Oslo, og er eit spesialmuseum for dei skipa og det gra ...

                                               

Vitskapsmuseet

NTNU Vitskapsmuseet i Trondheim er eit universitetsmuseum under Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet med natur- og kulturhistoriske samlingar og utstillingar. Museet har forskings- og forvaltningsansvar innan arkeologi og biologi i Midt-No ...

                                               

Runesteinar i Noreg

Vest-Agder Søgnesteinen Reistadsteinen Skollevollsteinen Oddernessteinen Hogganviksteinen Ryensteinen Aust-Agder Runesteinen ved Froland kyrkje Galtelandsteinen vart flytta til Oslo.

                                               

Alstadsteinen

Alstadsteinen er ein 2.70 meter høg runestein med bilete som stod på garden Nedre Alstad, Hof på Austre Toten, og som no er på Kulturhistorisk museum i Oslo. Steinen er ei 13 centimeter tjukk, langstrekt helle av raud ringerikssandstein dekt med ...

                                               

Runesteinen ved Anda

Runesteinen ved Anda er ei flyttblokk med to runeinnskrifter ved Andaneset i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Staden ligg rett vest for ferjeterminalen ved Anda, på fergesambandet Lote-Anda på E39. Runesteinen er registrert av Riksantikvaren m ...

                                               

Dynnasteinen

Dynnasteinen er ein bautastein med bilete og runeinnskrift, tidfesta til 1040-1050 e.Kr., som stod på ein gravhaug på garden Nordre Dynna i Gran kommune på Hadeland i Oppland fylke. Steinen vart i 1879 frakta til Universitetets Oldsaksamling i Os ...

                                               

Eggjasteinen

Eggjasteinen er ein runestein som vart funnen i 1917 på garden Eggja i Sogndal i Sogn. Han vart tidlegare også kalla "Eggjumsteinen". Steinen er 160 × 70 × 10 cm stor, og har vore takhelle over eit lite gravkammer på flat mark. Gravgodset var ein ...

                                               

Eiksteinen

Eiksteinen er ein runestein som er funnen på Eik prestegard ved Hauge i Sokndal kommune i Rogaland. Steinen vart funnen i 1972 ved oppreinsking av elvebreidda like vest for ein gammal brustad over Sokna. Det vart då funne ei sundslatt blokk av ka ...

                                               

Einangsteinen

Einangsteinen er ein runestein frå 300-talet rista med den eldre futharken øvst i Gardbergfeltet i Vestre Slidre i Oppland fylke. Einangsteinen og Barmensteinen frå Selje i Nordfjord er dei eldste, norske runesteinane frå folkevandringstida som f ...

                                               

Flatdalsteinen

Flatdalsteinen er ein runestein frå Flatdal kyrkje i Seljord kommune i Telemark. Steinen låg på kyrkjegarden, rett utanfor kordøra. Han er første gong skildra i presten Hans A. Wille sin sjølvbiografi frå 1765. Innskrifta vart avteikna av M.A. Ar ...

                                               

Runesteinen frå For kyrkje

Runesteinen frå For kyrkje er ein likstein frå mellomalderen frå Stod i Steinkjer kommune i Trøndelag. Steinen er skildra av Ole Worm i 1643. Seinare vitja Gerhard Schøning For kyrkje i 1775, og Lorentz Diderik Klüwer i 1823. Begge freista å finn ...

                                               

Runesteinen ved Froland kyrkje

Runesteinen ved Froland kyrkje i Aust-Agder, er ein stein som opphavleg stod ute på kyrkjegarden i Froland. Han er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 84205. Steinen er første gong omtalt av biskop Wegener i 1639, og han laga då òg ei teiknin ...

                                               

Fåbergsteinen

Fåbergsteinen er ein runestein ved Fåberg kyrkje i Lillehammer kommune i Oppland. Han er registrert av Riksantikvaren med ID nr. 58558. Gerhard Schøning nemnde i 1775 tre bautasteinar ved kyrkja, men han har tydelegvis ikkje vore merksam på noka ...

                                               

Galtelandsteinen

Galtelandsteinen er ein runestein frå byrjinga av 1000-talet frå Evje i Evje og Hornnes kommune i Aust-Agder. Han stod truleg opphavleg ikkje langt unna det store gravfeltet på Verksmoen utanfor Evje sentrum. Steinen vart første gong skildra av b ...

                                               

Gimsøysteinen

Gimsøysteinen er ein runestein frå vikingtida frå garden Sand på Gimsøya i Vågan kommune i Nordland. Steinen vart for første gong omtalt i 1810. Då stod han truleg på den opphavlege plasseringsstaden, ved vegen mellom Gimsøy kyrkje og sjøen. I 18 ...

                                               

Runesteinane frå Gjerde kyrkje

Steinen er første gong nemnt av antikvar Ole Worm. Han låg då som terskelstein ved inngangen til kyrkjegarden. Slik låg han fram til 1826 då biskop Jacob Neumann fekk sendt han til Bergens Museum. Steinen er i dag magasinert ved Universitetsmusee ...

                                               

Grindheimsteinen

Grindheimsteinen er ein runestein frå Grindheim kyrkje i Etne kommune i Hordaland. Steinen er første gong nemnt i eit brev frå biskop Paaske til Ole Worm i 1626, her har han òg laga ei teikning av innskrifta. Steinen låg då i kyrkjegardsmuren. Wi ...

                                               

Runeinnskriftene på Hennøy

Runeinnskriftene på Hennøy er i alt ni runeinnskrifter på ei steinblokk på Hennøya i Bremanger kommune i Vestland. Blokka ligg ei sørvendt vik på vestsida av øya. Vika ligg ut mot eit trongt sund mellom øya og fastlandet. Dette har opp gjennom ti ...

                                               

Hogganviksteinen

Hogganviksteinen er ein runestein som er funnen på garden Hogganvik i Mandal kommune. Steinen har 61 teikn, så runeinnskrifta er uvanleg lang. Då steinen vart funnen i september 2009 var det rundt 60 år sidan sist det vart gjort eit liknande funn ...

                                               

Hønensteinen

Hønensteinen var ein runestein som vart funnen ein gong før 1817 på garden Hønen i Norderhov på Ringerike, like ved Norderhov kyrkje. Steinen gjekk tapt ein gong etter 1825. Runene er av same type som dei på Dynnasteinen, noko som daterer innskri ...

                                               

Hårbergsteinen

Hårbergsteinen er ein runestein frå Hårberg i Rissa kommune i Trøndelag. Steinen stod opphavleg i tunet på Hårberg, men vart på eit ukjend tidspunkt lagt som vegdekke i hovudvegen, som gjekk gjennom tunet. Deretter vart steinen teken opp og brukt ...

                                               

Knestangsteinen

Knestangsteinen er ein runestein frå garden Knæstang i Norderhov i Ringerike kommune i Viken. På Knæstang vart det hausten 1939 funne ei steinhelle med runeinnskrift. Konservator Sverre Marstrander ved Universitetets Oldsaksamling drog ut for å h ...

                                               

Kulisteinen

Kulisteinen er ein runestein som stod på Kuløya på Smøla på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Steinen stod på Kuløy på Smøla i over 900 år, men i 1913 vart han fjerna og frakta til Vitskapsmuseet i Trondheim. Det står no ein kopi av originalen på ...

                                               

Kvammesteinen

Kvammesteinen var ein stor runestein som stod på Kvamme i Vik kommune i Sogn og Fjordane. Biskop Niels Paaske omtalte steinen og teikna av runene på den i 1626. Den stod nede ved sjøen, skreiv Paaske, ikkje langt frå naustet, men den var velt då ...

                                               

Morkensteinen

Morkensteinen var ein runestein frå garden Morken, som ligg ca. to kilometer søraust for Manger kyrkje ved Radøyveien i Radøy kommune i Hordaland. Steinen vart første gong skildra av Frantz Wolf i 1810, som fortel at han stod "i en Biergkløft". S ...

                                               

Nerheimsteinen

Nerheimsteinen er ein runestein frå Ølen i Vindafjord kommune i Rogaland. Steinen vart første gong skildra av Wilhelm F.K. Christie i 1841, då låg han som klopp over ein bekk på garden Nerheim. Året etter kom grunneigaren med steinen til Bergen o ...

                                               

Opedalsteinen

Opedalsteinen er ein runestein frå Opedal i Ullensvang herad i Hordaland. I prost Gert Miltzow sitt verk Presbyterologia frå 1679 omtalar han to liksteinar frå Opedal kyrkjegard, den eine med runeinnskrift. I 1825 freista biskop Jacob Neumann å f ...

                                               

Ryensteinen

Ryensteinen er ein runestein frå garden Ryen i Tveit i Kristiansand kommune i Vest-Agder. Steinen er første gong nemnt i eit brev til Selskabet for Norges Vel frå Nicolay Wergeland i 1811, han hadde då rett nok ikkje sett den med eigne auge. I 18 ...

                                               

Samnordisk runetekstdatabase

Samnordisk runetekstdatabase er eit prosjekt for å oppretta og halda ved like ein database for runeskrifter. Føremålet med prosjektet er å utvikla ein fullstendig katalog over runeskrift i eit maskinlesbart format for forsking. Databasen er fritt ...

                                               

Skafsåsteinen

Skafsåsteinen er ein runestein ved Skafså kyrkje i Tokke kommune i Telemark. Steinen vert datert til ca. 1100. Steinen er skildra av Hans Jacob Wille i 1790, han stod då ved kyrkjedøra. Same stad stod han då Sophus Bugge vitja staden på 1860-tale ...

                                               

Skeisteinen

Skeisteinen er ein runestein som står på Molandsmoen, ca. to kilometer nord for Moland kyrkje i Fyresdal i Vestfold og Telemark. Han har ID nr. 127468 i kulturminnedatabasen til Riksantikvaren. Molandsmoen er ein flat furumo, og her var det gamle ...

                                               

Runesteinane i Skjeberg kyrkje

Dette er ein firkanta stein som står i sørmuren på koret. Steinen er første gong nemnt i eit brev frå sokneprest Andreas Mørch i 1810. I 1816 var M.F.Arendt på staden og laga ei avteikning. Innskrifts vart undersøkt nærare av Oluf Rygh i 1899, og ...

                                               

Skrivarberget på Stjørdal

Skrivarberget er ein sørvend bergvegg med runer ved gardane Bø og Ystines i Stjørdal kommune i Trøndelag. Han er registrert med nr. ID 56427 i Kulturminnearkivet til riksantikvaren. Innskriftene er frå 1000- og 1100-talet, og vart undersøkte av L ...

                                               

Stangelandsteinen

Stangelandsteinen er ein runestein som opphavleg stod på garden Stangeland, som i dag er ein bydel i Sandnes kommune i Rogaland. I 1649 skildra biskop Wegner ein stor runestein som stod på ein gravhaug på Stangeland. Diverre er han ikkje meir spe ...

                                               

Stedjesteinen

Stedjesteinen er ein runestein som står ved Stedje kyrkje i Sogndal kommune i Sogn og Fjordane. Steinen er nemnd første gong i 1626, i eit brev frå soknepresten Niels Paaske. Han stod då antakeleg på høgda nord for kyrkja. Ein gong etter det skal ...

                                               

Syllingsteinen

Syllingsteinen var ein runestein frå Sylling i Lier kommune i Buskerud. Steinen stod murt inne i kormuren på den gamle kyrkja i Sylling, med innskrifta vendande ut. Steinen vart undersøkt og avteikna av M.A. Arendt i 1804. Då den gamle mellomalde ...

                                               

Søgnesteinen

Søgnesteinen er ein runestein som står ved Søgne gamle prestegard i Søgne kommune i Vest-Agder. Steinen er første gong nemnd i eit notat av Nicolai Wergeland i 1811. I 1821 vart innskrifta dokumentert i teikning for første gong. Ho vart første go ...

                                               

Runesteinane på Tanberg

Runesteinane på Tanberg er fire steinar med innskrifter i den yngre runerekkja som er funne på Tanberg i Norderhov i Ringerike kommune i Viken. Dei tre første steinane vart funne ved eit besøk av antikvaren Lorentz Diderik Klüwer i 1823, og vart ...

                                               

Runesteinen i Torsnes kyrkje

Runesteinen i Torsnes kyrkje frå Borge i Fredrikstad kommune i Østfold kjem frå den gamle Torsnes kyrkje, òg kjend som Holm kyrkje. Dette var ei lita steinkyrkje frå mellomalderen som vart riven i 1859 for å gje plass til ein ny og større kyrkje. ...

                                               

Tunesteinen

Tunesteinen er ein bautastein frå eldre jarnalder med innskrift i eldre runer i vertikale rader på dei to breisidene, tidfesta til tida før eller kring år 400 e.Kr. Runesteinen vart funnen i 1627, liggjande i steingarden kring kyrkjegarden ved Tu ...

                                               

Valbysteinen

Valbysteinen er ein runestein frå Valby i Tjølling i Larvik kommune i Vestfold. Valby ligg ca. to kilometer rett nord for Kaupang, og er kjend for store gravfelt frå jernalderen og steinsetjinga Valbysteinane. I 1869 vart det funne ein stein med ...

                                               

Vangsteinen

Vangsteinen er ein bilet- og runestein frå tidleg kristen tid som stod attmed den nedrivne Vang stavkyrkje i Vang i Valdres i Oppland. Steinen står no ved kyrkjeporten til Vang kyrkje, som vart bygd på staden i 1840 som erstatning for stavkyrkja, ...

                                               

Vettelandsteinen

Vettelandsteinen er ein runestein funne på Vetteland i Ogna i Hå kommune i Rogaland. Steinen vart funnen liggjande gravlagd under flat mark ved jordarbeid i 1896. Finnaren slo han sund og la han til side. Tilfeldigvis kom læraren i bygda forbi og ...

                                               

Runesteinen frå Veum kyrkje

Runesteinen frå Veum kyrkje låg på kyrkjegarden ved Veum kyrkje i Fyresdal kommune i Vestfold og Telemark. Steinen er første gong nemnt av Hans Jacob Wille i 1786, og deretter blant anna i Nicolay Nicolaysen sitt verk Norske Fornlævninger frå 186 ...

                                               

Øverbysteinen

Øverbysteinen er ein runestein frå eldre jarnalder. Han vart funnen på garden Øverby i Rakkestad kommune i Østfold, ca. seks kilometer sør for Rakkestad sentrum. Steinen stod opphavleg eit lite stykke frå gardstunet, på ein stad der det har vore ...

                                               

Øye-steinen

Øye-steinen er ein runestein frå Øye kyrkje i Vang kommune i Oppland. Steinen er første gong skildra av sokneprest Thomas Stang omkring 1835, og han oppgav då at steinen hadde lege over ei grav på kyrkjegarden. Steinen vart undersøkt av Sophus Bu ...