ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 143




                                               

Alfred Løvvik

Alfred Hartvig Løvvik var ein norsk bankmann og målmann frå Høle i Rogaland. Løvvik var son til ein handelsmann. Etter å ha utdanna seg på fylkesskule og handelsskule, fekk han i 1925 stilling på hovudkontoret til Stavanger og Rogalands Bank. Frå ...

                                               

Olav Madshus

Olav Madshus var ein norsk lærar og omsetjar frå Østre Toten. Madshus voks opp i lærarbustaden ved Nordli skole i Østre Toten, der far hans skulte til han døydde i heller ung alder. Olav Madshus tok opp arven etter faren, og utdanna seg til lærar ...

                                               

Jon Mannsåker

Mannsåker vart fødd i Odda. Han tok lærareksamen på Stord i 1901, fekk tittelen cand. theol. i 1911, praktisk teologisk eksamen og prestevigd i 1912. Same år vart han styrar av Hardanger Folkehøgskule. Denne stillinga beheldt han heilt fram til 1 ...

                                               

Skulemann Knut Markhus

Knut Olsson Markhus var ein skulemann og politikar frå Skånevik i Hordaland. Han representerte partiet Venstre på Stortinget 1922-30 og 1937-45. I Venstre har han "serleg vore ein varmhuga og traust talsmann for nasjonale saker og edruskapsarbeid ...

                                               

Lars Bjarne Marøy

Lars Bjarne Marøy er ein norsk skribent og målmann. Marøy var medarbeidar i bladet Vestmannen, der han seinare tok over som bladstyrar. Frå 2002 tok han til å skriva i bladet Målmannen, som han fram til 2011 gav ut saman med Olav Torheim. Han var ...

                                               

Olga Meyer

Olga Meyer var ein norsk journalist og pedagog frå Fana, kjent som programleiar i NRK der ho verka frå 1969 til 2000. Ho var utdanna lærar og arbeidde som dette i Oslo og heimbygda Fana fram til 1969, då ho vart engasjert i NRK, etterkvart som pr ...

                                               

Karen Mjør

Karen Mjør er ein norsk ungdomspolitikar og målkvinne frå Stord. Ho har i fleire år vore leiar i Sunnhordland Målungdom, som vart kåra til årets lokallag i Norsk Målungdom i 2013. Ho er også tidlegare nestleiar i Stord AUF. Mjør er engasjert i sk ...

                                               

Peter T. Molaug

Peter Torleivsson Molaug var ein norsk politikar frå Hetland i Rogaland. Han representerte Høgre på Stortinget ni år; 1954-61 og 1965. Molaug var son til ein gardbrukar og tok eksamen ved Rogaland landbruksskule i 1921. Den neste skulevinteren va ...

                                               

Hege Myklebust

Hege Myklebust er ei norsk målkvinne og akademikar. Hege Myklebust var leiar av Noregs Mållag frå april 2006 til april 2009. Ho har vore dagleg leiar i Norsk Målungdom og Noregs Mållag, og var styremedlem i Noregs Mållag frå 1998 til 2000. Mykleb ...

                                               

Klaus Johan Myrvoll

Klaus Johan Myrvoll er ein norsk forskar og målaktivist som har vore kjend for sitt kompromisslause høgnorsksyn. Myrvoll er tilsett som førstelektor ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo.

                                               

Sigurd Nergaard

Sigurd Nergaard var ein skulemann og folkeminnesamlar frå Åmot i Hedmark. Han er kjend som den store folkeminnesamlaren i Østerdalen. Nergaard var morfar til sosiologen Sigurd Skirbekk og filosofen Gunnar Skirbekk.

                                               

Svein Nestegard

Svein Olsson Nestegard var ein norsk kjøpmann, gardbrukar og nynorskmann frå Hol i Hallingdal. Nestegard var i yngre år butikkmann i Torpo. Frå 1909 til -18 var han styrar av Hol spareforening handelslag, seinare styrte han Hagafoss Handel frå 19 ...

                                               

Olaug Nilssen

Olaug Nilssen er ein norsk forfattar. Ho debuterte i 1998 med romanen Innestengt i udyr, og arbeider som bokmeldar og forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa. Nilssen voks opp i Solheimsdalen i Førde kommune og busette seg seinare i Bergen, der ...

                                               

Astrid Marie Nistad

Ho har mellom anna jobba som formannskapssekretær i Gaular kommune og rekneskapsleiar og merkantil leiar i Statkraft. Astrid Marie møtte på Stortinget i åra 1989-2001. Ho var Statssekretær i Olje- og energidepartementet frå 1986 til 1989. Astrid ...

                                               

Søren Nordeide

Søren Andreas Nordeide var ein norsk pedagog frå Askvoll, forfattar av ei rad bøker om pedagogikk, filosofi og psykologi på nynorsk. Han var rektor ved Norges Lærarhøgskole i tida 1922-36.

                                               

Janne Nygård

Janne-Kristin Svarstad Nygård er ei norsk målkvinne frå Jølster i Sogn og Fjordane, busett i Oslo. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2010. Det var ho til 2012. Tidlegare har ho vore skrivar og nestleiar i same organisasjonen. I ...

                                               

Ola Eiriksson Bø

Ola Eiriksson Bø var ein norsk lærar og målmann. Han blir rekna som ein pioner innanfor den kristelege folkehøgskulen. I 1899 skipa han Valdres folkehøgskule. Bø var gardbrukarson, og tok utdanninga si på lærarskulen på Hamar. Han arbeidde som læ ...

                                               

Edvard Os

Edvard Os (20. april 1885–9. januar 1970 var ein norsk offiser og norsk domsmann frå Eid kommune i Nordfjord. Han var sjef for Varanger bataljon 1933–1940 og forsvarssjef i Aust-Finnmark 1939–1940. Han moderniserte drifta av organisasjonane Noreg ...

                                               

Olav Paulson

Olav Paulson var ein norsk forfattar, lensmann og driftsleiar. Han er særleg kjend for å ha gjeve ut den første leseboka på nynorsk. Olav Paulson var frå Moltu i Herøy på Sunnmøre. Far hans var gardbrukar. Olav, døypt Ole, var evnerik og sjølvlær ...

                                               

Einfrid Perstølen

Einfrid Perstølen var ein norsk lege og organisasjonskvinne frå Ål i Hallingdal. Frå midt på 1950-talet busett i Oslo og frå 1968 i Asker i Akershus.

                                               

Anders Jørgensen Reitan

Anders Jørgensen Reitan var ein norsk diktar, målmann, lærar og politikar. Reitan var fødd i Ålen i Sør-Trøndelag fylke, bror til heimbygdas ordførar og stortingsmann Jon Jørgensen Reitan, farbror til lokalhistorikaren Anders Reitan og dialektgra ...

                                               

Henning Rivedal

Henning Leiv Rivedal er ein forfattar, journalist og kulturpersonlegdom busett på Hermansverk. Han er sentral i Leikanger Mannskor sin årlege Palmerevy og er leiar i Leikanger Mållag. Rivedal var fjernsynsmann i 60- og 70-åra, og er kjend frå Bar ...

                                               

Magne Rommetveit

Sjå òg Magne Rommetveit 1956, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet Magne Rommetveit var ein norsk professor i nordisk målvitskap ved Universitetet i Oslo og styrar ved Avdeling for nynorsk ved Leksikografisk institutt. Rommetveit var sentral ...

                                               

Rune Øygard

Rune Øygard var ordførar i Vågå frå 1995 til han fekk permisjon frå vervet 8. mai 2012. Øygard representerer Arbeidarpartiet. Ved valet i 2007 oppnådde Arbeidarpartiet ca 70 % av stemmane i Vågå, og dermed vart Øygard gjenvalgt med stort fleirtal ...

                                               

Bent Røiseland

Bent Røiseland, fødd i Holme i Vest-Agder, var ein norsk politikar. Han var leiar av Venstre i tida 1952-1964. Røiseland var stortingsrepresentant frå 1945 til 1973. Saman med 8 andre Venstre-representantar av i alt 14 braut han ut av Venstre i d ...

                                               

Einar Sagen

Einar Kristofer Sagen var ein norsk målmann, offiser og forfattar fødd i Oslo. Sagen utdanna seg til offiser og vart utnemnd til major i 1918. Sagen var svært kritisk til forsvarspolitikken som vart ført av arbeidarpartiregjeringa, og peika på fa ...

                                               

Johannes D. Sandal

Johannes D. Sandal var ein norsk typograf og forfattar. Han var frå Sandal i Jølster kommune, og reiste som ung til Bergen der han kom inn på underoffiserskulen. Sandal arbeidde ei tid innan militærvesenet, seinare arbeidde han som typograf. Han ...

                                               

Halvor J. Sandsdalen

Halvor Johannesson Sandsdalen var ein norsk forfattar og journalist og folkeminnesamlar. Han voks opp på eit småbruk, var aktiv i Seljord Frilynde ungdomslag, og skreiv skodespel allereie som syttenåring. Den einaste skulegangen hans var Søve Jor ...

                                               

Andreas Seierstad

Andreas Pedersen Seierstad var ein norsk teolog, bondestudent med haugiansk bakgrunn, målmann, kyrkjehistorikar og folkeminnegranskar. Han vart uteksaminert frå Notodden lærarskule i 1911, der han også underviste periodevis, tok artium i 1916, ca ...

                                               

Sjur Sexe

Sjur Sexe vart fødd på garden Sekse i Sørfjorden i Hardanger. Foreldra var haugianarar og faren arbeidde som omgangsskulelærar. Prosten i Ullensvang, Niels Hertzberg la merke til guten, lærte han landmåleteknikk og lånte han bøker. Sjur Sexe fekk ...

                                               

Matias Skard

Matias Skard var ein norsk pedagog, embetsmann, omsetjar og nynorskforkjempar. Matias Skard var fødd i Øyer kommune, som son av Ola Torsteinson og Mari Johannesdotter på garden Skard. Johannes Skar var ein eldre bror. Skard var styrar ved Vonheim ...

                                               

Håvard Skirbekk

Håvard Skirbekk var lærar, museumsmann, lokal- og kulturhistorikar. Han var dessutan språkinteressert og språkpolitisk engasjert. I debatten om målformer stod han for ei samnorsk linje. Han var nynorskforkjempar på austnorsk grunn og tilhengar av ...

                                               

Jahn-Arill Skogholt

Jahn-Arill Skogholt var ein norsk forfattar frå Storfjell i Vågan kommune. Han er mest kjend for visa "Bygdevisa" betre kjent som "Kor e hammaren, Edvard". Han skreiv alt frå viser og dikt til biografiar og fantasyromanar. Skogholt var utdanna ca ...

                                               

Peter Slotsvik

Peter Joakim Kristian Pedersson Slotsvik var ein norsk lærar, ungdomslagsleiar og avismann frå Borgund, aktiv i Østfold. Slotsvik var son til ein leiglending på garden Slotsvik på Ellingsøya i Borgund på Sunnmøre. Han var frå 1882 lærar fleire st ...

                                               

Einar Stavang

Einar Magnus Henriksson Stavang var ein norsk jurist og politikar, fødd i Kinn prestegjeld i Sunnfjord. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget i 24 år.

                                               

Hjalmar Storeide

Hjalmar Olai Storeide var ein norsk prest og politikar frå Hjørundfjord. Han representerte Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1954 til han døydde i 1961. Storeide var fødd og oppvaksen på den veglause matrikkelgarden Skår i Hjørundfjord, der mor h ...

                                               

Karl Straume

Karl Olav Straume var ein norsk kunstmålar frå Hovdebygda i Ørsta. Han fornorska etternamnet sitt frå Strømme til Straume. Foreldra var fanejunker Ola R. Strømme 1842-1908 og Ane Petrine, fødd Hovden, som var syster til Anders Hovden. Karl Straum ...

                                               

Bernt Støylen

Bernt Andreas Støylen var ein norsk prest, teolog, salmediktar og barnebokforfattar. Han var biskop i Agder bispedøme frå 1913 til 1930.

                                               

Synnøve Marie Sætre

Synnøve Marie Sætre er ei norsk målkvinne frå Ørsta på Sunnmøre. Landsmøtet i Norsk Målungdom valde henne til leiar i 2015. Ved Landsmøtet i 2016 vart ho attvald som leiar. Tidlegare har ho vore sentralstyremedlem og skrivar i same organisasjonen ...

                                               

Anders Todal

Sjå òg "Anders Todal Jenssen" og "Per Anders Todal". Anders Arnson Todal var ein norsk skuledirektør, Venstre-politikar, mållagsleiar og gardbrukar. Han var elev ved ulike lærarkurs i norsk, pedagogikk og gymnastikk, og elev ved Nordmøre amtsskul ...

                                               

Torvald Tu

Torvald Tu var ein norsk diktar og forfattar, frå Tu i Klepp kommune på Jæren. Han skreiv på nynorsk, men med mange innslag av jærsk talemål. Han gav ut 56 bøker i tida frå 1914 til han døydde. Torvald Tu skreiv både eventyr, småstubbar, dikt, sk ...

                                               

Hans Olav Tungesvik

Hans Olav Tungesvik var ein norsk psykiater og politikar frå Skånevik i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Hordaland for Kristeleg Folkeparti i perioden 1977–1985. Hans Olav Tungesvik tok legeutdanning som han fullførte i 1964. Deretter ...

                                               

Karl Arne Utgård

Karl Arne Utgård fødd i Sykkylven er ein norsk jurist og tidlegare dommar i Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar 15. november 1999 og sat fram til 31. desember 2018. Han tok juridisk embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1976. Han a ...

                                               

Andreas Vamraak

Andreas Bergeson Vamraak var ein norsk målmann, lærar og klokkar. Han tok eksamen ved Stord lærarskule i 1880 og underviste fleire stader før han byrja som lærar og klokkar i Kyrkjebø. Det var han i åra 1893–1931. I den dåverande Kyrkjebø kommune ...

                                               

Aslak Versto

Aslak Versto var ein norsk gardbrukar og politikar frå Vinje i Telemark. Han representerte Telemark og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1969 til -77. Versto var son til Olav Versto og far til journalistane Olav og Astrid Versto og forfattaren St ...

                                               

Guri Vesaas

Guri Vesaas er ei norsk forlagskvinne og omsetjar fødd i Vinje i Telemark. Ho var forlagsredaktør for Det Norske Samlaget si barnebokavdeling frå 1974 til 2006. Vesaas har særleg vore oppteken av å gje ut barnebøker med kunstnarlege og litterære ...

                                               

Magni Øvrebotten

Magni Øvrebotten frå Botnane i Bremanger er ein norsk journalist, NRK-redaktør, målkvinne og per 2017 leiar for Nynorsk Mediesenter i Førde. Saman med mannen Åsmund Berthelsen og borna har ho budd i Naustdal sidan 1982.

                                               

Håvard B. Øvregård

Håvard Bjørkedal Øvregård, frå Volda, er ein norsk organisasjonsmann og målmann. Frå april 2009 til april 2013 var han leiar av Noregs Mållag. Øvregård er no prosjektleiar ved Norges idrettsforbund i prosjektet "Med idretten mot homohets". Han ha ...

                                               

Hans Aarnes

Hans Daniel Aarnes var skribent, redaktør og forlagsmann. Han var fødd i Vestrefjord i Haram kommune på Sunnmøre. I ungdomen var Aarnes fiskar og sjømann nokre år. Som journalist og redaktør var han inn om fleire aviser og blad ulike stader i Nor ...

                                               

Sverre Aas

Sverre Aas var ein norsk lærar og skulesjef. Han var fødd i Leirvik i Hyllestad kommune, vaks opp på Voss og var busett i Leirvik og på Leikanger. Aas var motstandsmann under 2. verdskrigen. Han vart såra i kampane i Valdres etter invasjonen av N ...