ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 142




                                               

Lars S. Romundstad

Lars Sverkeson Romundstad var ein gardbrukar og politikar frå Straumsnes på Nordmøre. Han representerte Bondepartiet på Stortinget frå 1928 til 1949. Romundstad var utdanna frå Møre fylkes landbruksskule skuleåret 1905/06. I yngre år arbeidde han ...

                                               

Ole Toresson Rød

Ole Toresson Rød var ein norsk gardbrukar, lensmann, postopnar og stortingsmann frå Søndeled i Aust-Agder. Han var far til Halvor Olsson Stamsøy. Rød tok over farsgarden i Søndeled i 1789, og dreiv han til han skøytte garden vidare til sonen. Han ...

                                               

Gullik Madssen Rød

Gullik Madssen Rød var ein norsk soldat, gardbrukar og eidsvollsmann. Rød var fødd i Botne, der faren var gardbrukar. Kring 1812 tok han over garden Bø i Sande i Vestfold etter svigerfaren sin. Han var elles kommandersersjant i sandeske kompani a ...

                                               

Ole Røsholm

Ole Røsholm var ein norsk næringsdrivar og politikar frå Hole i Buskerud. Røsholm var son til ein gardbrukar i Hole. Sjølv arbeidde han som handelsbetjent i Kristiania frå 1855, og starta eiga forretning på Hønefoss i 1860. Frå 1872 eigde og drei ...

                                               

Ola Røtvei

Ola Røtvei er ein norsk gardbrukar og politikar frå Oppdal. Han var stortingsrepresentant 1990-2001 for Arbeidarpartiet og ordførar i Oppdal kommune i til saman 16 år. Røtvei var ordførar i Oppdal kommune valperioden 1988 til 1991. Frå hausten 19 ...

                                               

Jan Rasmussen Sande

Jan Rasmussen Sande var ein norsk sjømann, gardbrukar og stortingsmann frå Nøtterøy i Vestfold. Far hans var leiglending på garden Sande i Nøtterøy. Sjølv tok han styrmannseksamen i Tønsberg og sigla omkring 1780 som skipper på "Frederikke Sofie" ...

                                               

Anders Henriksson Sandstad

Anders Henriksson Sandstad var ein norsk gardbrukar, lensmann, ordførar og stortingsmann frå Skogn i Nord-Trøndelag. Far hans busette seg på garden Sandstad i Skogn i 1805, og dreiv denne til sonen tok over drifta i 1826. Sonen hadde innan då tek ...

                                               

Torbjørn Gunnarsson Sandvik

Torbjørn Gunnarsson Sandvik var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Fjelberg i Hordaland. Sandvik var gardbrukar på farsgarden. Han gav i 1820 ut skriftet Sandhets Erfaringer og faderlige Raad til mine Børn og Flere. Han var 4. representant ...

                                               

Karl Sanne

Karl Sanne var ein norsk gardbrukar og stortingsrepresentant frå Vanse i Vest-Agder. Han var medlem av Høgre. Sanne var fødd i Farsund, son til ein snikkarmeister. Han voks til dels opp på garden hos ein pleiefar i Vanse, og overtok i 1894 garden ...

                                               

Mikkel Anderssen Saxlund

Mikkel Anderssen Saxlund var ein norsk gardbrukar, stortingsmann og ordførar frå Vang i Hedmark. Han var far til Even Saxlund. Han var fødd i Vang, der far hans var gardbrukar. Sjølv kjøpte han i 1802 garden Sakslund i Stange av svigerfaren sin. ...

                                               

Johan Schjefloe

Johan Kristian Schjefloe var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Sparbu i Nord-Trøndelag. Far hans var gardbrukar på Seim i Sparbu og styrar av eit verk. Schjefloe var skulehaldar i Sparbu frå 1809, frå 1814 var han også gardbrukar p ...

                                               

Ole J. Schjerven

Ole Jakobsen Schjerven var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold. Jakob Olsen Skjerven var far hans. Schjerven gjekk Ås høgare landbruksskule 1865-67. Frå 1874 var han gardbrukar på farsgarden. Han var ordførar i tolv av dei ...

                                               

Johan Schumann

Johan Schumann var ein norsk sauebonde. Han var frå Bergen. Schumann studerte landbruk i Danmark og Skottland, og tok innført skotsk svartfjessau til Norge. Han var ein føregangsmann for vestlandsk sauehald, og dreiv til dømes forsøk med silofôr. ...

                                               

Jens N. Selboe

Jens Nicolai Selboe var ein norsk gardbrukar, vaktmeister og politikar frå Skedsmo. Han representerte Akershus amt på Stortinget i tida frå 1868 til -79. Selboe var son til Lars Petter Selboe. Etter faren døydde i 1856 tok han over farsgarden Kje ...

                                               

Arnt Kristoffersson Seljelid

Arnt Kristoffersen Seljelid var ein norsk fiskar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Mo på Helgeland. Han var frå Dalsgrenda i Mo, far hans var gardbrukar. I yngre år var han fiskar, frå 1859 var han gardbrukar på Seljelid i Hemnes. Fram t ...

                                               

Augustinus Johannesson Sellevold

Augustinus Johannesson Sellevold var ein norsk fiskarbonde og politikar frå Nordland. Sellevold var fødd på garden Bø i Bjørnskinn. I barneåra gjekk han årleg åtte dagar i skule. Kunnskapstrongen var stor, så han las elles alt han kom over av yms ...

                                               

Didrik Sigbjørnsen

Didrik Sigbjørnsen var ein norsk lærar, kyrkjesongar, gardbrukar og stortingsmann frå Lund i Rogaland. Han var son til ein lensmann og gardbrukar i Lund. Sjølv byrja han som skulehaldar i 1799. Tre år seinare, 1802, vart han tillegg kyrkjesongar, ...

                                               

Asbjørn Sjøthun

Asbjørn Sjøthun var ein norsk gardbrukar og politikar frå Balsfjord i Troms. Han var stortingsrepresentant frå Troms og for Arbeidarpartiet i perioden 1969–89. Etter han gjekk Troms landbruksskole på Gibostad vinteren 1947/48, var Sjøthun lærarvi ...

                                               

André N. Skjelstad

André Nikolai Skjelstad er ein norsk politikar. Han var stortingsrepresentant for Nord-Trøndelag frå 2005 til 2009 og frå 2013. Skjelstad er fødd i Trondheim og oppvaksen på Verrastranda i Verran kommune, der han er gardbrukar. Han har utdanning ...

                                               

Halvor Torjusson Skjerkholt

Halvor Torjusson Skjerkholt var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Holt i Aust-Agder. Far hans var gardbrukar i Holt. Sjølv tok han eksamen til underoffiser i Kristiansand i 1838, og stod i militær teneste til han var fanejunker. I 1840 to ...

                                               

Jakob Olsen Skjerven

Jakob Olsen Skjerven var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Lardal i Vestfold. Han var far til Ole J. Schjerven. Far hans var gardbrukar. Sjølv tok han si tid over farsgarden Skjerven. Han var medlem av heradsstyret i 18 år, 12 av dei var ...

                                               

Daniel Larsson Skjevik

Daniel Larsson Skjevik var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann frå Beitstad i Nord-Trøndelag. Skjevik var fødd i Solberg sokn i Beitstad, der far hans var gardbrukar. Sjølv tok han underoffisereksamen og vart sersjant, før han tok over farsgard ...

                                               

Ole Hansson Skogshavn

Ole Petter Hansson Skogshavn var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Dyrøy i Troms. Skogshavn var son av ein gardbrukar og fiskar. Han tok si tid over farsgarden Skogshavn og dreiv denne. Han kom i 1838 med i det fyrste heradsstyret i Dyrøy ...

                                               

Martin Skaaren

Martin Magnus Skaaren var ein norsk fiskar, småbrukar, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Hitra. Skaaren var son til ein og fiskar og småbrukar. Han byrja sjølv fiskje i 1920 og i 1927 tok også over småbruket etter faren og dreiv det ...

                                               

Jon Larsson Smedseng

Jon Larsson Smedseng var ein norsk gardbrukar, båtbyggjar og stortingsmann frå Vefsn i Nordland. Jon Larsson var fødd på Herringbotnet i Vefsn, faren var gardbrukar. Han vart sjølv gardbrukar på den nærliggjande garden Brekken på Litl-Smedsenget ...

                                               

Lars Soelberg

Lars Olsen Soelberg var ein norsk gardbrukar og politikar frå Soknedal i Sør-Trøndelag. Han representerte partiet Venstre, hadde i 14 år sete på Stortinget. Ole Ingebrigtsen Soelberg var far hans. Soelberg arbeidde som kontorist hos sorenskrivare ...

                                               

Ole Ingebrigtsen Soelberg

Ole Ingebrigtsen Soelberg var ein norsk gardbrukar og politikar frå Soknedal i Sør-Trøndelag. Han var stortingsmann i lang tid, møtte fyrste gongen i 1833 og siste gongen i 1854, samt ordførar i Strinda i fleire periodar. Han var far til Lars Soe ...

                                               

Bjarne Solli

Bjarne Daniel Solli var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lenvik som representerte Arbeidarpartiet i Troms på Stortinget i to valperiodar frå 1954 til 1961. Solli arbeidde i unge år på gard, bortsett frå skuleåret 1925/26, då han gjekk på ein ...

                                               

Ole Rasmusson Sollid

Ole Torstein Rasmusson Sollid var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Ørskog. Sollid var frå garden Nedre Sollid i Ørskog. Han var 1811-18 skulehaldar i heimbygda. Då han slutta som lærar vart han gardbrukar på farsgarden, garden dreiv han ...

                                               

Arne Alsåker Spilde

Arne Alsåker Spilde fødd 18. april 1937 i Ullensvang er ein norsk Høgrepolitikar. Han vart vald inn på Stortinget frå Hordaland i 1981 og attvald i 1985 og 1989. Han var vararepresentant i periodane 1973–1977, 1977–1981 og 1993–1997. Alsåker Spil ...

                                               

Peder E. Spilling

Peder Einar Pedersson Spilling var ein norsk gardbrukar frå Nord-Audnedal i Vest-Agder som representerte einmannskrinsen Mandalen og partiet Venstre i tida 1916-20. Peder P. Spilling var far hans. Peder E. Spilling gjekk skogskule på Kongsberg og ...

                                               

Peder P. Spilling

Peder Pedersson Spilling var ein norsk gardbrukar, utskiftingsmann, ordførar og stortingsmann frå Audnedal i Vest-Agder. Spilling var son til ein gardbrukar. Han gjekk på amtet sin høgare allmennskule 1855-56. Seinare, 1861-62, fekk han privat un ...

                                               

Johannes Johannesson Spjeldnes

Johannes Johannesson Spjeldnes var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Lindås i Hordaland. Spjeldnes var son til ein lensmann. Frå han var 15 år gammal budde han i Bergen, der han vart underoffiser i 1808. Åra 1811-14 var han ...

                                               

Halvor Olsson Stamsøy

Halvor Olsson Stamsøy var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Søndeled i Aust-Agder. Ole Toresson Rød var far hans. Stamsøy var skulehaldar frå 1819 til -33. I 1833 kjøpte han garden Stamsøy i Søndeled og dreiv denne i lang ...

                                               

Anders Steen

Anders Steen var ein norsk skipskaptein og gardbrukar fødd i Eidsberg. Han vart vald inn som stortingsrepresentant til Stortinget i 1814 kor han skulle representere Hedemarkens amt. Sokneprest Andreas Frederik Weidemann møtte som suppleant i stad ...

                                               

Asle Madssen Strand

Asle Madssen Strand var ein norsk gardbrukar, trelasthandlar og stortingsmann frå Sigdal i Buskerud. Han var far til Truls Aslesen Strand, medan Reiulf Madssen Strand var bror hans. Far hans var gardbrukar i Sigdal. Sjølv tok han over farsgarden ...

                                               

Tollef Strand

Tollef Hanssen Strand var ein norsk lensmann og stortingsmann frå Elverum i Hedmark. Strand var son til ein gardbrukar. Sjølv var han underoffiser i 1814. På Stortinget 1815-16 var Strand 3. representant frå Hedemarkens amt. Han var då medlem av ...

                                               

Jon Sundby

Jon Sundby var ein norsk gardbrukar, politikar og organisasjonsmann frå Vestby i Akershus. Han var statsråd 1931-33 og stortingsrepresentant for Bondepartiet frå 1922 til 1945.

                                               

Andres G. Sundbø

Andres Gregarsson Sundbø var ein lærar og gardbrukar frå Flåbygda i Lunde herad i Telemark. Han representerte Bondepartiet på Stortinget perioden 1937-45, etter å ha vore vararepresentant den forrige treårsbolken. Sundbø tok lærareksamen på Notod ...

                                               

Paul Svarstad

Paul Svarstad var ein norsk skogbrukar, gardbrukar og politikar frå Stryn i Nordfjord. Han var stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane 1965-73, vald for Høgre, og ordførar i Stryn 1975-76. Svarstad var son til ein gardbrukar. Han gjekk Framnes ...

                                               

Kristian Halvorssen Svenkerud

Kristian Halvorssen Svenkerud var ein lærar, gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Åsnes i Hedmark. Han var farfar til Otto H. Svenkerud. Han var son til ein gardbrukar på Sjøli i Åsnes. Sjølv var han 1817-24 skulehaldar i Våler og heldt 1835 ...

                                               

Iver Olsen Svenneby

Iver Olsen Svenneby var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Våler i Hedmark. Far hans var gardbrukar i Våler. Sjølv gjekk han underoffisersskule og var i åra 1807-13 sersjant ved livgarden i København. Han kjøpte sidan garden Lundeby i Våle ...

                                               

Gudbrand Anderssen Sveås

Gudbrand Anderssen Sveås var ein norsk gardbrukar frå Modum i Buskerud. Sveås var son av ein gardbrukar i Modum. Han kjøpte garden Nadtvedt i heimbygda, og dreiv denne sidan. I mange år var han medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Elles v ...

                                               

Andreas Olsen Sæhlie

Andreas Olsen Sæhlie var ein norsk gardbrukar, næringsdrivar, ordførar og stortingsmann frå Vang i Hedmark. Han var son til ein brukseigar. Etter han var ferdig med skulegang i Christiania og utanlands byrja han i faren si verksemd som gardbrukar ...

                                               

Lars Sæim

Lars Nilsson Sæim var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Alversund i Hordaland. Sæim var medlem av Venstre. Sæim var son til ein gardbrukar på Sæim. Sjølv vart han seminarist frå Stord i 1881 og vart så tilsett som lærar i Manger sa ...

                                               

Ivar Sælen

Ivar Bergesson Sælen var ein gardbrukar og politikar for Høgre. Sælen var fødd i Lindås, faren var gardbrukar og byggmeister. I 1863 flytta familien til garden Sælen i Birkeland sokn i Fana. Ivar Sælen var elev ved Sogndals folkehøgskule vinteren ...

                                               

Daniel Sæter

Daniel Knutsson Sæter var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Halsa på Nordmøre. Han var medlem av Venstre. Sæter var son til ein gardbrukar. Han var omgangsskulehaldar 1843-45 og vart seminarist frå Klæbu i 1847. Deretter var han læ ...

                                               

Ingebrigt Haldorsson Sæter

Ingebrigt Haldorsson Sæter var ein gardbrukar og politikar frå Oppdal som sokna til den såkalla bondeopposisjonen. Han var stortingsmann 1833-58 og 1865-73.

                                               

Peder Anderssen Sønju

Peder Anderssen Sønju var ein gardbrukar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud. Far hans var gardbrukar på Sønju. Sjølv kjøpte han grannegarden Håve av far sin i 1858 og dreiv denne, i 1866 overtok han også Sønju. År 1872 flytta han til gard ...

                                               

John Hansen Sørbrøden

John Hansen Sørbrøden var ein norsk gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsmann frå Berg i Østfold. Sørbrøden stamma frå ei gammal lensmanns-slekt, som hadde flytta til Østfold frå Båhuslen då dette området vart innlemma i Sverige i 1658. Han tok ...