ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 131




                                               

Rælingen kyrkje

Rælingen kyrkje er ei langkyrkje i Rælingen kommune i Viken fylke. Kyrkja vart endra ein god del ved ei ombygging i 1887, og sakristia vart forlenga i 1950-åra. På kyrkjegarden står eit gravkapell frå 1926.

                                               

Øvre Rælingen kyrkje

Øvre Rælingen kyrkje er ei arbeidskyrkje i Rælingen kommune i Viken. Kyrkja er oppført i betong, og arkitekten har òg teikna noko av inventaret. Det er ikkje kyrkjegard på staden, men Stalsberghagen gravlund er mindre enn ein kilometer unna.

                                               

Tomb kyrkje

Tomb kyrkje er ei langkyrkje frå 1869 i Råde kommune i Viken. Dette er den tredje kyrkja på staden. Den førre brann allereie i 1768. Kyrkja var knytt til Tomb herregård, som vart kjøpt av kommunen i 1936. I 1984 vart det oppført eit frittståande ...

                                               

Hafslund kyrkje

Hafslund kyrkje er ei langkyrkje på Hafslund i Sarpsborg kommune i Viken fylke. Kyrkja er av tre og vart vigsla den 18. desember 1891. Ho har 250 plassar. Det som no er ei kyrkje, vart opphavleg bygd som forsamlingshus for arbeidarane ved Hafslun ...

                                               

Holleby kyrkje

Holleby kyrke er ei langkyrkje i Sarpsborg kommune i Viken fylke. Kyrkja vart oppført i tre i 1919–20 og har 107 sitjeplassar. Fem vindauge i koret har glasmåleri av Veslemøy Nystedt Stoltenberg.

                                               

Skjebergdalen kyrkje

Skjebergdalen kyrkje er ei langkyrkje i tre i Sarpsborg kommune i Viken fylke. Kapellet, som det opphavleg vart kalla, vart oppført i 1910 og vigsla den 8. februar 1911. Kyrkja er prega av nygotikk/sveitserstil.

                                               

Solli kyrkje

Solli kyrkje er ei langkyrkje frå 1904 i Sarpsborg kommune i Viken fylke. Kyrkja vart teikna av arkitekt Peter Hofstad og oppført i 1902–04 som kapell under Tune kyrkje for arbeidarane ved Soli Brug. I dag vert bygget titulert som kyrkje.

                                               

Tune kyrkje

Tune kyrkje er ei langkyrkje i Sarpsborg kommune i Viken fylke. Kyrkja vart oppført i 1908–10 etter at den førre kyrkja, som var frå 1865, brann i 1908. Elles har det vore kyrkje på staden sidan mellomalderen. Kyrkja er bygd dels av stein, dels a ...

                                               

Varteig kyrkje

Varteig kyrkje er ei krosskyrkje av tre i Sarpsborg kommune i Viken fylke. Kyrkja vart vigsla i 1859 som tredje kyrkja på staden. I byrjinga hadde kyrkja takryttar over krysset, men han vart riven i 1911, då kyrkja fekk eit vesttårn. Eit sakristi ...

                                               

Eggedal kyrkje

Eggedal kyrkje er ei langkyrkje frå 1878 i Sigdal kommune i Viken fylke. Ho avløyste ei stavkyrkje som stod litt lengre opp i bygda og vart riven etter at den nye kyrkja vart teken i bruk. Kyrkjegarden vart teken i bruk i 1888, ti år etter kyrkja ...

                                               

Holmen kyrkje i Sigdal

Holmen kyrkje er ei krosskyrkje frå 1853 på Prestfoss i Sigdal kommune i Viken. Til grunn for oppføringa har ein nytta teikningane til Bamble kyrkje, som vart teikna av Gustav Adolph Lammers. Kyrkja avløyste ei ombygd stavkyrkje som stod om lag 5 ...

                                               

Solumsmoen kapell

Solumsnoen kapell er ei langkyrkje i Sigdal kommune i Viken fylke. Bygget vart oppført som bedehus i 1893, og i 1906 vart det bygd om etter teikningar av Hans Horn og innvigd som kapell den 3. august. Kapellet er sidan restaurert i 1973–74.

                                               

Vatnås kyrkje

Vatnås kyrkje er ei krosskyrkje i Sigdal kommune i Viken fylke. Ein veit ikkje heilt sikkert når kyrkja vart bygd, men i 1663 vart det sagt at presten heldt messe i kyrkja ein gong i året. Kyrkja vert difor gjerne datert til ca. 1660. Interiøret ...

                                               

Furuset kyrkje i Ullensaker

Furuset kyrkje er ei langkyrkje i Ullensaker kommune i Viken. Denne teglkyrkja er ei av dei tidlegaste kyrkjene til Henrik Nissen. Interiørfargene vart sett i 1929 av Enevold Thømt, som også måla altarbiletet, inspirert av altartavla i Ullern kyr ...

                                               

Mogreina kyrkje

Mogreina kyrkje er ei langkyrkje i Ullensaker kommune i Viken fylke. Arkitekt var Ole Stein, og byggmeister Karl Olsrud stod for oppføringa. Interiøret og mykje av inventaret vart endra i 1961 ved Arnstein Arneberg arkitektkontor etter at kyrkja ...

                                               

Garder kyrkje

Garder kyrkje er ei langkyrkje i Vestby kommune i Viken. Kyrkja vart oppført av byggmeister Andreas Keitel i 1881 etter same teikningar som vart nytta for Oppegård kyrkje, men kyrkja på Garder er litt større enn Oppegård. Christen Brun har måla b ...

                                               

Hvitsten kyrkje

Hvitsten kyrkje er ei langkyrkje i Vestby kommune i Viken fylke. Kyrkja vart oppført i 1901–02 etter teikningar av Harald Sundby og vigsla den 11. februar 1903.

                                               

Såner kyrkje

Såner kyrkje er ei langkyrkje i Vestby kommune i Viken. Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen, og mellomalderkyrkja var vigd til Heilag-Olav. Denne kyrkja vart erstatta med ei tømra kyrkja på 1500-talet eller der omkring. Ho vart si t ...

                                               

Vestby kyrkje

Vestby kyrkje er ei langkyrkje i Vestby kommune i Viken. Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen, og mellomalderkyrkja var vigd til Maria og kalla Mariakyrkja. Ho vart utvida nokre gonger, men måtte vike plassen for ei ny kyrkje i 1885. ...

                                               

Bakke kyrkje i Eiker

Bakke kyrkje er ei treskipa langkyrkje frå 1883 i Øvre Eiker kommune i Viken. Ho avløyste ei kyrkje frå 1804. Trappeutbygg på kvar side av tårnet kan gi inntrykk av at ein har med ei krosskyrkje å gjere, men kyrkjerommet har langplan.

                                               

Fiskum kyrkje

Kyrkja avløyste Fiskum gamle kyrkje og vart oppført i 1864–66 etter teikningar av Heinrich Ernst Schirmer og Wilhelm von Hanno. Denne kyrkja brann 11. januar 1902, og ny kyrkje stod ferdig i 1903 etter teikningar av arkitekt Jørgen Berner, som to ...

                                               

Leveld kyrkje

Leveld kyrkje er ei langkyrkje frå 1880 i Ål kommune i Viken fylke. Kyrkja vart oppført av Andreas Keitel etter teikningane for Nedstrand kyrkje. Romma på kvar side av vesttårnet vart oppført i 1976 etter teikningar av Elisabet Fidjestøl. Kyrkjeg ...

                                               

Torpo kyrkje

Torpo kyrkje er ei langkyrkje frå 1880 i Ål kommune i Viken fylke. Den gamle stavkyrkja ble kommunal eige i 1875, og kort tid etter vart ei ny kyrkje oppført, etter at ein hadde rive koret i stavkyrkja. Torpo kyrkje vart teikna av Conrad Fredrik ...

                                               

Ål kyrkje i Ål

Ål kyrkje er ei langkyrkje frå 1880 i Ål kommune i Viken fylke. Kyrkja vart oppført av Andreas Keitel etter teikningane for Nedstrand kyrkje. Kyrkja vart ombygd i 1959 etter planar av arkitekt Frederik Konow Lund. Då vart det nygotiske interiøret ...

                                               

Kroer kyrkje

Kroer kyrkje er ei langkyrkje i Ås kommune i Viken fylke. Denne tømra langkyrkja erstatta ei kyrkje som brann eit par år tidlegare. Ho er den fjerde kyrkja på staden.

                                               

Nordby kyrkje

Nordby kyrkje er ei langkyrkje i Ås kommune i Viken fylke. Kyrkjestaden går attende til mellomalderen, og dette er den nordlegaste kyrkja i kommunen. Kyrkja var i privat eige då ho vart bygd, men vart overtatt av kommunen i 1853.

                                               

Balder Brygg

Balder Brygg er eit mikrobryggjeri i Leikanger i Sogndal kommune. Det byrja ølproduksjonen i 2012. Verksemda trekk linjer tilbake til vestnorsk heimebryggartradisjon samtidig som dei også lagar lagerøl. Øl laga med tradisjonelle bryggemetodar og ...

                                               

Christianssands Bryggeri

Christianssands Bryggeri er eit bryggeri i Kristiansand. Bryggeriet produserer pilsnerøl, glutenfritt pilsnerøl, fatøl, lettøl, mineralvatn og brus. Til jul produserer bryggeriet juleøl og julebrus. Bryggeriet vart skipa i 1856 og eit av dei elds ...

                                               

Grans Bryggeri

Grans Bryggeri AS vart etablert i 1899 og har produksjon og lager i Sandefjord. Namnet var Sandefjord Bryggeri og Mineralvandfabrik A/S til 1965. Etter to generasjonar med Guttorm Gran som leiarar, vart Trygve Christophersen engasjert som adminis ...

                                               

Hansa bryggeri

Hansa bryggeri er eit bryggeri i Bergen. Hansa produserer pilsnerøl, bayerøl, fatøl, lettøl, vørterøl og brus. Bryggeriet vart stifta i 1891 då Waldemar Stoud Platou kjøpte opp det lokale bryggeriet Det Sembske Bryggeri, og gav det eit nytt namn. ...

                                               

Haandbryggeriet

Haandbryggeriet er eit bryggeri i Drammen. Det vart grunnlagt i 2005. Bryggeriet produserer ei rekkje ulike typar øl, både med alkoholstyrke for butikksal og sal på Vinmonopolet. Alt ølet deira er overgjæra, og ingen vert filtrert, pasteurisert e ...

                                               

Kinn Bryggeri

Kinn Bryggeri AS er eit lite bryggeri i Florø som vart etablert av Espen Lothe i 2009. Salet i det første året til bryggeriet var på 2000 liter. Dette auka til 32 000 liter i 2010, og 76 000 liter i 2011. Bryggeriet er kalla opp etter det gamle k ...

                                               

Lervig Aktiebryggeri

Lervig Aktiebryggeri er eit Stavanger-bryggeri, stifta på forsommaren 2003 som ein reaksjon på at Tou Bryggeri blei kjøpt opp av Ringnes og flytta produksjonen til Oslo. Bryggeriet leverte dei første produkta 4. juli 2003, produsert av Mack i Tro ...

                                               

Mack bryggeri

L. Macks Ølbryggeri med plasseringa si på Tromsøya det nordlegaste bryggeriet i verda. Mack tok i mai 2011 til å bygge ny fabrikk i Nordkjosbotn, og vil flytte produksjonen dit. Bryggeriet vart grunnlagt i 1877 av Ludwig Markus Mack. Korrekt namn ...

                                               

Nøgne Ø

Aksjeselskapet blei stifta vinteren 2002 av Gunnar Wiig og Kjetil Jikiun. Bryggeriet starta på Bergemoen i Grimstad, men flytta hausten 2005 inn i dei gamle lokala til Rygene Kraftstasjon på Rygene, like ved grensa til Arendal kommune. Det er byg ...

                                               

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk

Oskar Sylte Mineralvannfabrikk AS er ein mineralvassprodusent i Molde, grunnlagd i 1929. Aksjeselskapet har i dag 90 tilsette, og hadde ein omsetnad på 270 millionar kroner i 2003, med eit overskot på 15.5 millionar. Det mest kjende produktet dei ...

                                               

Ringnes

Ringnes er ei norsk bryggjeriverksemd. Ho tilhøyrer i dag Carlsberg og driv fleire bryggjeri i Noreg. I tillegg til eigne produkt sel Ringnes også Pepsi, Guinness, Tuborg og Carlsberg. Bryggjeriet blei grunnlagt av brørne Ellef og Amund Ringnes s ...

                                               

Volda Mineralvatn

Volda Mineralvatn AS, tidlegare Brænne Mineralvatn, var ein brusprodusent opphavleg lokalisert på Folkestad i Volda kommune på Sunnmøre og seinare flytt til Furene industriområde. Foretaket vart starta i 1915, og vart drive av familien Brænne sid ...

                                               

Ægir Bryggeri

Ægir Bryggeri er eit mikrobryggjeri i Flåm i Aurland kommune i Vestland. Bryggjeriet er kalla opp etter den norrøne guden Ægir og vart grunnlagd av Aud Melås og Evan Lewis i 2007. Sjefsbryggar er Evan Lewis. Bryggeriet er tilknytt Flåmsbrygga Hot ...

                                               

Bocca

Bocca er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 2002. Namnet Bocca kjem frå det italienske ordet "bócca", som tyder munn, smak eller munnfull. Bocca inneheld 70% kakao og er tilsett vanilje for å gje ein av ...

                                               

Crispo

Crispo er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 1958 på fabrikken til Bergene på Rodeløkka i Oslo. Då Nidar og Bergene sameina, vart produksjonen av Crispo flytta til fabrikkane til Nidar i Trondheim. Det ...

                                               

Gullbrød

Gullbrød er eit sjokoladeprodukt som Nidar AS lagar og distribuerer. Sjokoladen vart seld første gong i 1915, og er med det den eldste merkavara frå Nidar. Kvart "gullbrød" er eit avlangt stykke grov råmarsipan trekt med mørk sjokolade som innehe ...

                                               

Sjokoladen Hobby

Hobby er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 1973. Sjokoladen Hobby er ihopsett av eitt lag med gelé med banansmak og eitt lag med mjukt, søtt skum som blir pressa saman og dekt med mjølkesjokolade. I ti ...

                                               

Krembanan

Krembanan er ein bananforma sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Sjokoladen vart introdusert i 1957 under namnet "Banankrem" og utsjånaden har vore uendra sidan då. Krembanan er laga av eit lag med gelé oppå eit lag med banankrem som er ...

                                               

Kvikk Lunsj

Kvikk Lunsj er produktnamnet for ein kjekssjokolade som blei lansert av søtsakprodusenten Freia i 1938 og har vore i sal sidan den gongen. Kvikk Lunsj blir i dag produsert av Kraft Foods, og selt i Noreg, Sverige og Danmark. Sjokoladen består av ...

                                               

Lohengrin sjokolade

Lohengrin var eit norsk sjokoladeprodukt som blei selt frå 1911 til 2019. Han var laga av mørk sjokolade med eit fyll av romkrem. Sjokoladen blei lagt fram for sal fyrste gong i Nationaltheatret i 1911, i samband med ei framsyning av Wagner-opera ...

                                               

New Energy

New Energy er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert i 1991, og er utvikla i samband med Noregs Idrettshøgskole. I 2005 vart det selt meir enn seks millionar eksemplar New Energy-sjokoladar i Noreg. Kvart eks ...

                                               

Sjokoladen SOHO

SOHO var eit sjokoladeprodukt som blei lansert av Nidar i 1998. Sjokoladen er ein youghurtsjokolade, samansett av sjokolade, stivpiska yoghurt og crisp. SOHO tok to år å utvikle, men etter berre tre år på marknaden vart SOHO trekt tilbake i 2001 ...

                                               

Smash!

Smash! er ein sjokolade som Nidar AS lagar og distribuerer. Produktet vart introdusert for første gong i 1988. Smash! er laga av salte, kjegleforma maiskjerner som er dekte med mjølkesjokolade. I ein bolk på 1990-talet vart namnet Smash! bytt ut ...

                                               

Sjokoladen Smil

Smil er namnet på ein sjokoladetype laga av Freia som blei laga for første gong i 1955. Sjokoladen har form som ein smalnande sylinder og består av ei kjerne flytande toffee med eit skal av Freia Melkesjokolade rundt. Han blir som regel selt sama ...