ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 116




                                               

Kari Midtigard på Tinn

Kari Midtigard på Tinn er ein springar som er mykje nytta i Telemark, men og på Voss, der springaren heiter Fossmarken. Øistein Håkanes skreiv til Arne Bjørndal i 1945."En luråsslått. Kari Midtigarden på Tinn er sikkert kommet fra Voss". Det fins ...

                                               

Kivlemøyslåttane

Kivlemøyslåttane eller Systerslåttane er slåttar som er knytt til segna om Kivlemøyane. Desse slåttane finst det sju av, etter regelen spela i fast rekkefølgje. Den mest kjende kivlemøy-gruppa har fire slåttar, medan systerslåttane er tre i alt. ...

                                               

Kolsruden

Kolsrudspringaren eller Kolsruden har namnet sitt etter spelemannen Ole Kolsrud frå Heddal. Slåtten er og kalla Tømmerkøyraren eller Nitjan hundre og fem. Slåtten finst i variantar i Telemark, Numedal og Hallingdal, og er nytta som danseslått i d ...

                                               

Kongsbergfenta

Kongsbergfenta eller Va de`kje du som leika med Guro er ein gangar eller lausslått i mange variantar. Hardingfeleverket har registrert 11 variantar av slåtten, for det meste i Telemark, men òg i Hallingdal, Voss og Setesdal. Mykje tyder på at slå ...

                                               

Kvamshallingen

Kvamshallingen er ein gangar i 2/4-takt, som er nytta i Hordaland og Telemark. Namnet skriv seg frå spelemannen Jon Kvammen eller Jon Kjos. Slåtten er og kjend som Gamle-Eirik. Namnet Kvamshallingen er mest nytta aust i Telemark, mellom anna av K ...

                                               

Kvenneslåtten

Kvenneslåtten er ein springar med vid utbreiing. I Telemark er slåtten knytt til spelemannen Halvor Sagafossen frå Heddal, men var mellom anna nytta av Myllarguten. Elles finst det ei rekkje former av slåtten i Hordaland, og han skal ha vore nytt ...

                                               

Lauskarlåtten

Lauskarlåtten, òg kjend under namnet Danse lauskar og gå fri, er ein springar på nedstilt bass, mykje nytta i Hallingdal og Valdres. I Valdres finst slåtten i tradisjon etter Bendik i Nøen, medan kjelda i Hallingdal er Ola Dekko. Her heiter slått ...

                                               

Leikanruden

Springaren Leikanruden, er ein gamal slått frå Tinn. Dei fleste variantane kan førast attende hit, men det finst og ein variant frå Ål, og ein frå Hardanger. Slåtten ser ut til å ha røter attende til 1700-talet både i Tinn og i Hardanger. Slåtten ...

                                               

Ligangaren

Ligangaren er ein gangar i 2/4-takt som skriv seg frå Telemark. Hardingfeleverket har trykt tre variantar av slåtten. Dei to med namnet Ligangaren er båe etter Torkjell Haugerud frå Seljord. Haugerud fekk slåtten av spelemannen Halvor Flatland el ...

                                               

Lindehaugjen

Lindehaugjen er ein springar som er spela på Voss, men som og er kjend i Telemark frå gamalt. Dette lyt reknast som ein vandreslått på grunn av det innsamla tilfanget, men ein vandreslått av ein særskild type: det er ikkje råd i dette tilfellet å ...

                                               

Lofthusen

Gangaren Lofthusen, er ein vandreslått med stor utbreiing. Namnet skriv seg frå spelemannen Lars Lofthus, ein av læremeistrane til Ola Mosafinn. Ola Mosafinn fortalde at Lars Lofthus nok dikta slåtten sjølv. I formoppbygging er denne slåtten ein ...

                                               

Lonarkjempun

Lonarkjempun er namnet på ein slått frå Telemark som finst i fleire variantar. Attåt Telemarksformene er det og registrert to form frå Voss, skriven ned etter Ola Mosafinn, som hadde ei form etter Isak Rokne. I hardingfeleverket er det skrive ned ...

                                               

Lydarslått

Ein lydarslått tyder ein slått som er rekna som konsertnummer, til å høyre på. Tradisjonen for lydarslåttar finst for det meste i Valdres, der det har vore vanleg for spelemennene å framføre "lyarlæte" når dansarane ville ha seg ein pause. Etter ...

                                               

Låa

Låa eller Delebekken er ein springar som er kjend i Hallingdal, Valdres og Sogn. Slåtten er spela på Nedstilt bass, og er svært lik i alle distrikta. Nokre tak har stundom vore nytta i former av Lauskarlåtten, i sær i Sogn. Namnet Låa skal vera e ...

                                               

Mehanken

Mehanken er ein springar som har vore mykje nytta i Valdres, men som og finst i Sogn. Slåtten er eit tydeleg døme på tradisjonsmateriale som har vandra fram og attende mellom Sogn og Valdres. Namnet Mehanken skriv seg frå eit visebrot som har vor ...

                                               

Moghusfela

"Moghusfela" er ein gangar som er del av ein slåttekrins spreidd over Telemark, Hordaland og Valdres. I Valdres heiter slåtten "Lea deg, gamle Ola", og i Telemark "Moghusen" eller "Moghusfela". Det finst stev knytt til båe desse namna, og det føl ...

                                               

Moguten

"Moguten" er ein springar frå norsk folkemusikk som er vorten spela i mange variantar både på Vestlandet og austafjells. Slåtten er kjend under mange namn, som "Gull-lykjelen" i Hardanger og "Nørre Myrelåtten" i Valdres. I Hardanger er ei form av ...

                                               

Månekåsen

Springaren Månekåsen er mykje nytta i austre Telemark og i Numedal. Slåtten er òg kalla Makalausen eller Løytnantdrengen. Det siste namnet knyt slåtten til Pål Løytnantsdreng frå Numedal, eller far hans, Knut Øyanhaugen, som tente som løytnant i ...

                                               

Nordfjordingen

Springaren Nordfjordingen eller Nordfjorden er kjend i heile hardingfeleområdet. Slåtten er eit døme på korleis ein etter måten stutt springar med tydeleg avgrensa vek har vore bygd ut og brigda om i tradisjon etter ymse spelemenn. Slåtten har vo ...

                                               

Ransåsen

Springaren Ransåsen skriv seg opphavleg frå Numedal, men er og nytta i Telemark. Her heiter slåtten Ondelåna, Kari Einung eller Eivind Tave, og er spela i tradisjon etter Håvard Gibøen. Slåtten var mykje nytta av Gullik Spellemann frå Flesberg, o ...

                                               

Rekveen

Gangaren Rekveen er ein slått som er nytta i Hordaland og Telemark. Slåtten har namn etter spelemannen Nils Rekve, som og har vore kjelde til han. Frå Hardanger er slåtten sidan blitt spreidd av andre spelemenn. Den vidare tradisjonen i Telemark ...

                                               

Røyskatten

Røyskatten, Kjos-hjasen, Halvbror til Reven eller Floketjønn er ein gangar som finst i mange variantar i Telemark, Hordaland, Setesdal og Hallingdal. Slåtten er spela både som gangar og lausslått i 2/4-takt, og mykje tyder på at han har vore i br ...

                                               

Sevliden

Sevliden eller Sevle`n er ein halling i 2/4-takt, rekna under vandreslåttane, og ein av dei mest kjende i hardingfelemusikken. Slåtten finst ei rekkje variantar frå Voss, Telemark og nedre Buskerud, og Arne Bjørndal meinte han opphavleg er komen ...

                                               

Siklebekken

Springaren Siklebekken er opphavleg forma ut av Myllarguten, men har vore mykje nytta i Hardanger etter hans tid. Slåtten er rekna som ein lydarslått, av di han har fleire taktbrigde, og si mest utbygde form er han meint å skulle gje at låten av ...

                                               

Skinntrøya

Skinntrøya er ein springar som er mykje nytta til dans i Hallingdal og Valdres, der slåtten er kalla Skraddarlåtten, Krotakyr eller Dølehusen. Nemninga Krotakyr er frå Vang i Valdres, Dølehusen frå Bendik i Nøen. Springaren høyrer til det sentral ...

                                               

Skorin

Hallingen Skorin er ein lausslått frå Hallingdal i 2/4-takt. Slåtten er ein av dei få totaktsslåttane som er stadeigne i øvre Hallingdal, og er rekna som svært gamal. Namnet skriv seg frå spelemannen Knut Skøro frå Hol, som var kjelde til slåtten ...

                                               

Slidringen

"Slidringen" er ein springar spela i variantar i Hallingdal, Valdres, Numedal og Telemark, og Sunnfjord. Slåtten ser ut til å vera gamal i Buskerud og austre Telemark, og både Knut Lurås og Svein Leikanrud har kjend til han. Mykje tyder på at slå ...

                                               

Slåttar av Eivind Groven

Spelemannen og komponisten Eivind Groven dikta ei rekkje slåttar medan han levde. Mange av slåttemotiva hans gjekk inn den meir klassisk orienterte musikken han skapte, men nokre av dei vart ståande som sjølvstendige slåttenummer, som er nytta av ...

                                               

Slåttar frå Hallingdal

Slåttespelet i Hallingdal har tradisjonelt stått midtveges mellom Krødsherad og Valdres. Mange av dei mest særeigne slåttane i dalen har opphav i Ål, men det finst og ein bunt springarar frå Nes, som ikkje er å finne andre stader. Lausslåttane i ...

                                               

Slåttar frå Hardanger

Hardanger er attmed Voss det rikaste og mest sentrale hardingfeledistriktet i Hordaland. Området har vore ein gjæringsstad for slåttar og for utveksling av slåttar til andre område, særskild Telemark. Det finst likevel ein rad slåttar som berre e ...

                                               

Slåttar frå Krødsherad

Slåttespelet i Krødsherad har tradisjonelt vore nærskyldt spelet i nedre Hallingdal. Spelestilen her er likevel særeigen, og slekter like mykje på Numedal og Sigdal. Dette skuldast den eineståande stillinga kommunen har som møtestad for folk som ...

                                               

Slåttar frå Nordfjord og Sunnfjord

Fjordaspelet er ei eiga grein av hardingfeletradisjonen. Mange av slåttane herfrå er gamle, og berre ein liten del av dei er knytt til dei store vandreslått-gruppene. Det er noko kontakt mellom Fjordane og Sogn, men det er like høveleg å tru at t ...

                                               

Slåttar frå Nordhordland

Hardingfelespelet i Nordhordland utgjer ei eiga grein av hordaspelet. Tradisjonen i dette området er sterk, og distriktet har fostra mange gjeve spelemenn, mellom dei Arne Bjørndal. Mange av dei særeigne slåttane frå denne landsluten er å finne i ...

                                               

Slåttar frå Numedal

Slåttetradisjonen i Numedal kan seiast å vera ein av dei mest grøderike i landet. Mange av dei store vandreslåttane har oppkoma si her, og nedre Numedal er rekna som ei slåttegruve for spelemenn frå utbygdene, som Tinn kommune. Likefullt har Nume ...

                                               

Slåttar frå Sigdal

Slåttespelet i Sigdal har utvikla seg dels til ei eiga grein av hardingfelespelet i Buskerud. Nokre slåttar er sams med slåttane i Krødsherad eller Numedal, men det finst og ein bunt slåttar som ikkje er nytta andre stader, mest springarar. Tradi ...

                                               

Slåttar frå Sogn

Sognaspelet har tradisjonelt vore nært knytt til spelet i Hallingdal og Valdres, og det finst ein rad sams slåttar mellom desse områda. Dei fleste av slåttane som har denne tilknytinga høyrer til inst i Sogn, i Lærdal og Aurland. Lenger ut i Sogn ...

                                               

Slåttar frå Sunnhordland

Hardingfelespelet i Sunnhordland er ikkje like godt dokumentert som slåttespelet elles i Hordaland. Viktigaste kjelda for slåttar finn ein i Fana og Fusa. I Hålandsdalen har det og vore godt med felespel. Det har vore skrive opp slåttar etter Kri ...

                                               

Slåttar frå Telemark

Slåttetilfanget i Telemark er rekna for det best dokumenterte innanfor hardingfeletradisjonen. Dette skuldast fleire historiske tilhøve, mellom anna at Telemark tidleg vart rekna som feltområde for folkeminnesamlarar, men og av di mange av dei gj ...

                                               

Slåttar frå Voss

Vossaspelet er naturleg nok sterkt prega av Ola Mosafinn. Tradisjonen på Voss er likevel eldre enn han, og har påverka spelet i heile Hordaland alt frå Nils Rekve si tid. Mosafinn er den førande kjelda for spel frå Voss, men det er og samla slått ...

                                               

Slåtteinndeling i Hardingfeleverket

Sjubandsverket Norsk folkemusikk, oftast referert til som Hardingfeleverket, hadde som oppgåve å katalogisere og utgje slåttenedskrifter i ordna former. Difor fekk alle slåttar og slåttekrinsar nummer, og vart inndelt i tre hovudgrupper, Gangar i ...

                                               

Slåttekrins

Ein Slåttekrins tyder ei gruppe av slåttar med sams motivgrunnlag, innanfor eit tradisjonsområde eller over eit større område. Ordet er laga av Eivind Groven, og nytta som kategoriseringsverkty i Hardingfeleverket. Slåttekrinsane kan vera små, me ...

                                               

Slåttenedskrifter etter Halldor Meland

Urheimen, Norsk folkemusikk 94b. Nedskrift Arne Bjørndal i 1930-åra B 846. Slåttenamnet er etter spelemannen Oddmund Urheim. Variant a er etter Ola Mosafinn, variant b etter Lars Istad, Voss. Slåtten har heime på Voss. Rekveen, Norsk folkemusikk ...

                                               

Slåttenedskrifter etter Johannes Dale

Spelemannen Johannes Dale var rekna som ein svært påliteleg kjelde til slåttespel i Tinn. Difor er det skrive ned uvanleg mange slåttar etter han, og hardingfeleverket har registrert 126 nedskrifter, dei fleste gjort av Eivind Groven. Han skreiv ...

                                               

Slåttenedskrifter etter Ola Mosafinn

Spelemannen Ola Mosafinn vart registrert med 88 nummer i standarverket norsk folkemusikk, kjend som Hardingfeleverket. Slåttane vart skrivne ned av Arne Bjørndal og Truls Ørpen i tida frå 1908 til 1912, då Mosafinn døydde. Nokre nummer er òg skri ...

                                               

Slåttenedskrifter etter Olav Groven

Spelemannen Olav Groven frå Telemark prega og forma ut mange slåttar. Hardingfeleverket har 26 nedskrifter etter han. Alle er skrivne ned av broren Eivind Groven.

                                               

Slåttenedskrifter etter Torkjell Haugerud

Spelemannen Torkjell Haugerud frå Bø i Telemark la etter seg mange slåttar. Mange av slåttane etter han vart skrivne ned av Eivind Groven og Truls Ørpen, men Haugerud skreiv og ned slåttar sjølv. Ei nedskrift i lista er gjort av spelemannen Henri ...

                                               

Soteroen

Gangaren Soteroen eller Fille-Værn, er spela i Setesdal, Telemark og Numedal. Slåtten er stundom kalla Kjosekrullen, og dette tyder på at Jon Kjos kan ha vore kjelde til han. Namnet Soteroen skriv seg frå spelemannen Olav Soterud frå Seljord. Han ...

                                               

Springaren Asle Myro

Springaren Asle Myro, Kåte-Reiar eller og Anne Vik er ein vandreslått som er mykje nytta i Hallingdal, Valdres, Krødsherad, Numedal og Telemark. Slåtten er og kalla Reiarslåtten eller Sortebergen. Slåtten ser ut til å ha vore særs mykje nytta i B ...

                                               

Springaren Falkeriset

Springaren Falkeriset lyt reknast til vandreslåttane, sidan variantar av slåtten er funne i Hallingdal, Valdres og Telemark. Frå Valdres vart slåtten ført til Voss med Nils Hilme, som lærte bort ein variant til Ola Mosafinn. Telemarksformene skil ...

                                               

Springaren Jarand Skinnarland

Springaren "Jarand Skinnarland" er kalla opp etter spelemannen Jarand Skinnarland frå Møsstrond som levde frå 1812 til 1901. Det er først og fremst i Telemark at slåtten er kjend under dette namnet, eller Skinnarlanden. I Hardingfeleverket er slå ...