ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 114




                                               

Knut Øysteinsson Lurås

Knut Øysteinsson Lurås, var ein vidgjeten spelemann frå Tinn i Telemark. Han var den førande tradisjonsberaren på Hardingfele i dei traktene før Myllarguten og Håvard Gibøen. Han var lærar for dei båe. Knut var son av folkeføraren og bygdehovding ...

                                               

Einar Løndal

Einar S. Løndal, var ein norsk spelemann frå Tuddal i Telemark. Han var son av Svein Løndal og yngre bror av Kjetil Løndal og Olav Løndal. Einar S. Løndal tok til med fela heller seint, men då han først byrja, om lag ved konfirmasjonsalder, kom s ...

                                               

Kjetil Løndal

Kjetil Løndal, var ein framtredande spelemann frå Tuddal i Telemark, og ein av dei likaste konsertspelemennene frå det fylket etter krigen. Kjetil var son av Svein Løndal frå Tuddal, og var mellomst av tre brør. Alle brørne vart spelemenn, og tok ...

                                               

Oline Løvlid

Oline Ragnhild Løvlid er ein norsk folkesongar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho har i fleire tiår vore engasjert i folkesongtradisjonen i Hornindal, innan innsamling og formidling. Mellom anna har ho gjort mykje innsamlingsarbeid for Fylkesar ...

                                               

Unni Løvlid

Unni Løvlid er ein norsk folkemusikar frå Hornindal i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna frå Norges Musikkhøgskole, og er den fyrste som har utøvande hovudfag i tradisjonssong. Unni Løvlid vann Gammleng-prisen for folkemusikk i 2007. Ho er dotter ti ...

                                               

Pål Løytnantsdreng

Pål Knutson Løytnantsdreng var ein sentral og stilskapande norsk spelemann frå Nore i Numedal. Pål var son av Knut Halvorson Øyanhaugen og Astri Gundersdotter frå Nore i Numedal. Knut var spelemann og hadde tent hos ein løytnant i sine unge år og ...

                                               

Halldor Meland

Halldor Meland var ein norsk spelemann frå Ullensvang i Hardanger. Han bidrog mellom anna til å nytolka og fornya gamle slåttar frå Hardanger. Meland skapte og mange nye slåttar. Etter han er det ein rik arv av folkemusikk. Halldor Meland lærte m ...

                                               

Olav Luksengård Mjelva

Han starta å spela fele på musikkskulen på Røros som sjuåring, deltok i juniorlag og reiste på kappleik. Etter vidaregåande var planen å utdanna seg til eigedomsmeklar, men han bestemte seg for å ta eit speleår fyrst. Difor starta han på Raulands ...

                                               

Eivind Mo

Eivind Mo, fødd i Rauland 20. november 1904 og daud i Seljord 1995, var ein kjend spelemann frå Telemark. Eivind vart fødd på garden Øvre Mo av Gunhild og Halvor Mo. Mor hans var syster av spelemannen Høye Kvåle frå Seljord, og Eivind Mo voks opp ...

                                               

Olav Moe

Olav Moe, fødd 23. juli 1872 og daud 11. august 1967, var ein kjend spelemann, bladstyrar og bygdepolitikar frå Vestre Slidre. Olav var son av Mikjel Olson Moe og Marit Pedersdotter Neste. Faren Mikjel var og spelemann, og Olav fekk dei første sl ...

                                               

Sigrid Moldestad

Sigrid Terese Moldestad er ein norsk folkemusikar som spelar fele og hardingfele, og syng. Musikken hennar har rot i den vestnorske folkemusikktradisjon, men har samtidig eit eige uttrykk der moderne arrangement og rytmar er viktig.

                                               

Ola Mosafinn

Ola Mosafinn eller Ola Mulen, var ein spelemann frå Voss i Hordaland, rekna som den beste i sitt område på 1800-talet.

                                               

Myreguten

Ola Jensen Myro, kjend som Myreguten, var ein sentral norsk spelemann i Hallingdal på 1800-talet. Han påverka både Sevat Sataøen og Ola Dekko. Ola Myro kom opphavleg frå Nes i Hallingdal, der han var i lag med mellom andre Gudbrand Skjellerud og ...

                                               

Frode Nyvold

Frode Nyvold er ein norsk folkesongar, antropolog og pedagog. Han er førstelektor ved Høgskolen i Telemark, og er instituttnestleiar ved Institutt for folkekultur i Rauland. I tillegg til å arbeide med norsk tradisjonsmusikk har han gjort feltarb ...

                                               

Ole Nærlieie

Ole Nærlieie var ein norsk spelemann frå Flesberg i Numedal. Han voks opp på husmannsplassen Lanerud under Nærli gard ved elva Lona i Lyngdal. Han heitte først Ole Knutsen, men tok namnet Nærlieie då han flytta frå garden. Nærlieie flytte til Kon ...

                                               

Bjørn Odde

Bjørn Odde var ein norsk felespelar og folkemusikar frå Lom kommune i Oppland. Bjørn Odde har vunne Landskappleiken heile fem gonger med vanleg fele. Fyrste gongen var i 1964, og siste gongen i 1984. I 1980 var han med og spela på plata Slåtten d ...

                                               

Ola Okshovd

Ola Okshovd var ein norsk spelemann frå Øystre Slidre i Valdres. Han har mellom anna vore læraren til Haldor Røyne. Okshovd var den førande spelemannen i Øystre Slidre si tid, og jamførast ofte med Olav Moe. Dei førande læremeistrane hans var far ...

                                               

Brynjulv Olsson

Brynjulv Olsson er den første spelemannen ein veit om i Tinn. Han var oldefar til Knut Dale. Brynjulv skal ha kome til Tinn frå Numedal, og var son av ein Ola Lett, som og spela fele. I Tinn vart han forpaktarspelemann, og hadde kongebrev på rett ...

                                               

Lars Osa

Lars Osa vart fødd i Ulvik, men flytta som femåring til grenda Osa, der faren skaffa seg småbruk. Her voks Lars Osa opp. Han hadde dugande evner til å spela hardingfele, men då han var på reis til Nordfjord som tjueåring i 1880 og møtte målarane ...

                                               

Sigbjørn Bernhoft Osa

Sigbjørn Bernhoft Osa, fødd i Ulvik i Hardanger, var ein norsk musikar og statsstipendiat i folkemusikk og busett på Voss. Han var son til kunstmålaren Lars Osa og bror til journalisten Theodor Bernhoft Osa. Sigbjørn spela både fiolin og hardingf ...

                                               

Nils Rekve

Nils Olavsson Rekve, 1778-1846, var ein vidgjeten spelemann frå Voss. Han var truleg den likaste spelemannen på dei kantar før Ola Mosafinn. Nils var son av spelemannen Olav Rekve, og fekk mykje spel av far sin. Han var mykje på ferd som skreppek ...

                                               

Isak Rokne

Isak Rokne var ein framtredande norsk spelemann frå Voss. Han er rekna som ein av dei fremste læremeistrane til Ola Mosafinn. Isak Rokne lærde mykje spel av Arnfinn Knutsson Skutle, som og var læremeistar for Hans Selland då denne kom og busette ...

                                               

Tarjei Romtveit

Tarjei Romtveit er ein norsk spelemann på hardingfele. Tarjei Romtveit er tippoldebarn av Torgeir Tarjei Augundsson, kjend som Myllarguten 1801-72, kan hende den største slåtteskapar og slåtteformar for hardingfele gjennom tidene. Tarjei og bror ...

                                               

Jon Rosenlid

Jon Rosenlid var ein meisterspelemann og slåttekomponist frå Fjelli i Stryn kommune i Sogn og Fjordane. Han budde mesteparten av tida i Bergen, og er kjend for drivande dansespel og for mange gode slåttekomposisjonar.

                                               

Øystein Rudi

Han starta å spele fele i Sør-Fron Spellemannslag i 1977. Dette skjedde først saman med Anton Amundgard og Arne Vangen. I 1981 vart Øystein med i Karlsrud og Nermoens Gåmmåldansorkester. Etter at gruppa vann Titanofestivalen i 1984 spela det omkr ...

                                               

Gunnar Rødal

Gunnar Halstein Rødal er ein norsk folkedansar og folkemusikar. I 2009 vart han heidra med kongens fortenestmedalje i sølv for sin lange innsats som folkedansinstruktør i Noregs Ungdomslag Rødal si karriere som folkedansar starta tidleg. Han voks ...

                                               

Haldor Røyne

Haldor Røyne var ein kjend spelemann frå Øystre Slidre i Valdres. Haldor var av den store Røyne-Rudi-slekta i Øystre Slidre, og ervde stor musikalsk givnad frå foreldra, Torstein Torsteinsson Røyne og Rangdi Haldorsdotter Rudi. Haldor ætta frå sp ...

                                               

Talleiv Røysland

Talleiv Røysland var ein kjend folketonesongar eller kvedar frå Telemark. Han er rekna som ein av dei beste si tid, berre jamført med Aslak Brekke og Brita Bratland.

                                               

Olav Sataslåtten

Olav T. Sataslåtten var ein spelemann frå Ål i Hallingdal. Olav vart fødd i Satakroken nedanfor sjølve Ål, og budde her til 1939, då han flytte til garden Vestenfor på Torpo. Her vart han leiar for Torpo Spelemannslag, og den førande tradisjonsbe ...

                                               

Sevat Sataøen

Sevat Sataøen var ein framtredande norsk spelemann frå Ål i Hallingdal. Attmed Olav Sataslåtten var han den likaste i sin generasjon i dalen. Sevat vart fødd på Sataøyne i Satagrenda sunna sjølve Ål. Han fekk spel av Ola Dekko og Tor Grimsgard, M ...

                                               

Elling A. Seljeset

Elling A. Seljeset, kjend som Elling A. Seljeset den eldre, var ein norsk folkesongar frå Seljeset i Hornindal i Sogn og Fjordane. Saman med kona Irvine Pedersdatter Seljeset fekk Elling Andersson Seljeset til saman 12 born, mellom anna Anders El ...

                                               

Samuline Seljeset

Samuline Seljeset vart fødd på garden Muldsvor i Hornindal kommune i Nordfjord, på grensa til Sunnmøre. Foreldra var Anders Rasmussen og Anne Olsdatter. Ho hadde tre sysken, ein gut og to jenter. Både broren Rasmus og systrene Synneve og Ingeborg ...

                                               

Gudbrand Skjellerud

Gudbrand Skjellerud var ein kjend norsk spelemann frå Nes i Hallingdal, ein av dei mest framtredande i søre Hallingdal på 1800-talet. Han lærte mellom andre opp Tor Grimsgard. Skjelleruden stod i tradisjonen etter Harald Langåker, og førte vidare ...

                                               

Gjendine Slålien

Kaia Gjendine Slaalien, kjend som Gjendine Slålien var ei norsk budeie som gav Edvard Grieg viktige impulsar frå norsk folkemusikk. Ho er særleg kjend frå "Gjendines bådnlåt".

                                               

Eilev Smedal

Eilev Smedal, fødd 1889 og daud 1938, var ein spelemann frå Seljord i Telemark. Eilev Smedal var fødd inn i ein søskjenflokk der mest alle spela fele: Harald, Gunnleik, Olav, Gregar og Eilev. Dei førande brørne var Eilev sjølv og bror hans, Gunnl ...

                                               

Wilhelm Sorteberg

Wilhelm Sorteberg lærte spel av Gamle-Kleven og Hans Hagen, og vart frå byrjinga oppseda i Krylling-tradisjonen. Med tida fór han meir ut og møtte andre spelemenn, slik det var vanleg i hans tid. På Drammensmarken møtte han mellom andre Gudbrand ...

                                               

Anna Karina Stang

Anna Karina Stang voks opp i Stubseid i Stongfjorden i Askvoll i 1899. Ho var yngste dotter til Matias Kornelius Stubseid 1864-1934 og Rakel Amalie Johannesdatter Stubseid f. Lien. Anna hadde fire eldre systre.

                                               

Ola A. Strand

Ola Asleson Strand var ein norsk gründer og spelemann frå Ål i Hallingdal. Strand var son av Asle Tolleivsson Halvorsgarden Strand 1809 - 1889 og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella 1814 - 1887 Ola og broren Tolleiv d.y. var fyrst i Oslo og lærte om mekan ...

                                               

Pernille Støverstein

Pernille Støverstein vart fødd som Pernille Seljeset på Seljeset i Hornindal. Foreldra var Kristen Kristensen Seljeset f. 1886 og Steffine Seljeset f. Gausemel, 1886. Pernille Støverstein budde på Støverstein i Hornindal kommune i Nordfjord. Sama ...

                                               

Ole Henriksen Sulhus

Ole Henriksen Sulhus var ein spelemann frå bygselgarden Sulhus, under Røros Kopparverk. Som gut arbeidde han som vaskarryss ved kopparverket. Han var som til ein smed og i 30-aralderen byrja han å arbeida som smed ved verket. I samtida vart han r ...

                                               

Arne M. Sølvberg

Arne M. Sølvberg er ein prisløna norsk folkemusikar, folkedansar og sauebonde frå Stryn i Nordfjord. Han spelar både vanleg fele, hardingfele og fleire typar fløyter. Dessutan er han ein god historieforteljar.

                                               

Kristoffer Teige

Kristoffer Teige var ein norsk bonde, hardingfelespelemann og folkesongar frå Teige i Skifjorden i Hyllestad i Sogn og Fjordane.

                                               

Tiriltunga

Tiriltunga er namnet på ei kvedargruppe som vart skipa hausten 1983. Med i gruppa var Kari Lønnestad frå Telemark, Heidi Løvlund frå Telemark og Gunnlaug Lien Myhr frå Hallingdal. Samarbeidet mellom Gunnlaug og Heidi tok til då dei møttest på Vos ...

                                               

Nils Tjoflot

Det finst framleis slåttar, reinlendarar og valsar og meir etter Nils Tjoflot. Han var særs glad i runddansspel. I runddansspel er det rett å seie at han etablerte ei eiga Tjoflotlinje. Han hadde si eiga spelestil og måte å framføra materialet på ...

                                               

Jørgen Tjønnstaul

Jørgen Tjønnstaul var ein kjend spelemann frå Telemark. Jørgen vart fødd i Seljord, og var son av sogeseiaren Olav Tjønnstaul. Han lærde spel av faren først, og sidan av andre spelemenn i nærleiken. Då han var fire år, døydde mora og søstera Inge ...

                                               

Olav Tjønnstaul

Tjønnstaul var dotterson av Anne Godlid. Far hans, Sundre Skogen, var son av den trollkunnige Øli Skogen. Farbroren Olav Skogen spela og hardingfele. Det var sagt at Olav Tjønnstaul tok mykje av trollkunna frå farmoren i arv. Olav kom til medan I ...

                                               

Tarjei Tvigyva

Tarjei voks opp på plassen Tvigyva i Heggtveitgrendi i Lårdal. Han var barnebarn av Anne Lillegård frå Eidsborg, som var ein dugande kvedar og ein av dei førande kjeldene til "Draumkvedet". Tarjei lærde først spel frå Olav Bergland og Tarjei Midb ...

                                               

Ragnar Vigdal

Ragnar Vigdal voks opp i fjellbygda Vigdalen, ein sidedal til Jostedalen, i ein heim prega av pietistisk lekmannskristendom. Foreldra hans heitte Klaus fødd 1857 og Anna Vigdal fødd 1877. I heimen og på husmøte lærte han å synge hundrevis av reli ...

                                               

Andres Vinna

Andres Eriksson Vinna, var ein norsk spelemann frå garden Ørpen i Krødsherad i Buskerud. Andres var helst ein lokal spelemann som ikkje reiste stort. Han var mykje nytta til dans, fortalde Truls Ørpen. Han hadde lært spel av Knut Fosslia og av Ki ...

                                               

Tarkjell Våkråk

Tarkjell Våkråk var ein norsk spelemann frå Nore i Numedal. Han er rekna som den første spelemannen ein veit namnet på austafjells. Tarkjell kom frå garden Våkråk, ikkje langt frå Rødberg. Han var son av Torstein Våkråg, og soneson av lagretteman ...