ⓘ Free online encyclopedia. Did you know? page 105




                                               

Lillesand kyrkje

Lillesand kyrkje står i Lillesand sentrum i Lillesand kommune i Aust-Agder, og er ei tømra langkyrkje frå 1889 i nygotikk/sveitserstil. Arkitekt for bygget var Henrik Thrap-Meyer. Han teikna òg preikestol, altertavle og døypefont. Det var omfatta ...

                                               

Onsøy kyrkje

Onsøy kyrkje er ei langkyrkje i Fredrikstad kommune i Østfold fylke. Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen, og den noverande vart oppført etter at kommunen overtok i 1867. Kyrkja har 650 sitjeplassar. Prestegarden ligg nokre hundre me ...

                                               

Ruseløkka skule

Ruseløkka skule var ein 1–10-skule på Ruseløkka i bydel Frogner i Oslo. Skulen var teikna av arkitekt Henrik Thrap-Meyer og vart etablert i 1871. Han var matrikulert til Løkkeveien, sentralt i Oslo, nær Nationaltheatret stasjon. Ruseløkka skule s ...

                                               

Finnsnes kyrkje

Finnsnes kyrkje er ei arbeidskyrkje i Lenvik kommune i Troms fylke. Kyrkja vart teikna av arkitekt Nils Toft og er bygd i betong og tegl. Ho stod ferdig i oktober 1979 og vart vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer. Finnsnes kyrkje ligg i sentrum ...

                                               

Gruben kyrkje

Gruben kyrkje er ei arbeidskyrkje med langplan frå 1965 i Rana kommune i Nordland fylke. Ho ligg til Gruben sokn i Indre Helgeland prosti. Byggverket er i betong og er teikna av Nils Toft. Kyrkjeskipet er delt av med ein faldevegg, bakom veggen e ...

                                               

Hamarøy kyrkje

Hamarøy kyrkje ligg i Hamarøy kommune og sokn i Ofoten prosti. Det er ei arbeidskyrkje, bygd i 1974 i betong med 300 plassar. Arkitekt for bygget var Nils Toft. Det er kyrkjegard ved kyrkja.

                                               

Dale kyrkje i Fjaler

Dale kyrkje står i Dale i Fjaler kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1864. Den noverande kyrkje er ei tømra langkyrkje i tradisjonell stil. Nygotiske trekyrkjer av denne typen vart det bygd mange av i Noreg i andre halvdel av 180 ...

                                               

Meland kyrkje

Meland kyrkje står på Holsnøy i Alver kommune i Vestland, og er ei tømra langkyrkje frå 1866. Ho er teikna av Johannes Arnesson Øvsthus og vart reist under leiinga til byggmeister Askild Aase.

                                               

Seim kyrkje

Seim kyrkje står på Hoplandsleitet i Seim i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1878. Arkitekt for kyrkja var Johannes Øvsthus. Det har vore kyrkje i Seim sidan mellomalderen. Fyrste gongen Seimskyrkja er nemnd i kjeldene e ...

                                               

Vike kyrkje i Nordhordland

Vike kyrkje, tidlegare Vike kapell, står ved Vikaneset i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1891. Kyrkja er teikna av Johannes Arnesson Øvsthus.

                                               

Arna

Arna er ein bydel i Bergen kommune. Arna vart oppretta som eigen kommune frå 1964, og gjekk inn i Bergen kommune i 1972. Før 1964 var Arna ein del av Haus kommune, som òg omfatta ein stor del av Osterøy. Arna kjem kanskje av "arinn", som tyder "s ...

                                               

Bergenhus bydel

Bergenhus er ein bydel i Bergen som omfattar dei sentrale delane av byen. Bergenhus grensar i nord til Åsane, i aust til Arna, i sør til Årstad og i sørvest til Laksevåg. Bydelen vart skipa ved samanslåinga av dei tidlegare bydelane Sentrum og Sa ...

                                               

Fana

Sjå òg Fana i Mali Fana er ein bydel i Bergen, med om lag 37 000 innbyggjarar. Fram til 1. januar 1972 var Fana ein eigen kommune, som vart slått saman med Bergen kommune 1. januar 1972, saman med Arna, Laksevåg og Åsane. Han hadde då 44 402 innb ...

                                               

Fyllingsdalen

Fyllingsdalen er ein drabantby og bydel vest for Bergen. Den berømde fotballspelaren Kniksen, og krigsveteranen Shetlands-Larsen kom frå Fyllingsdalen.

                                               

Laksevåg

Laksevåg er ein tidlegare norsk kommune i Hordaland fylke. Frå 1972 er Laksevåg ein bydel i Bergen kommune. Kommunenamnet vart òg skrive "Laxevaag". Damsgård, Gravdal, Nygårdsviken, Alvøen, Godvik, Håkonshella, Oldernes, Skålevik og Loddefjord er ...

                                               

Ytrebygda

Ytrebygda er ein bydel i Bergen kommune, på sørsida av Grimstadfjorden og Nordåsvatnet. Bydelen grensar til Fana i aust, og i nord, over Grimstadfjorden ligg Fyllingsdalen. Ytrebygda hadde 25.710 innbyggjarar i 2011. Opphavleg var Ytrebygda ein d ...

                                               

Årstad

Årstad er ein bydel i Bergen. Bydelen ligg sør for sentrum, og det budde om lag 36 350 menneske der i 2009. Bydelen med namnet Årstad har ikkje same grenser som det gamle Årstad prestegjeld, og t.d. er garden Årstad ikkje med i Årstad bydel. Namn ...

                                               

Åsane

Åsane er ein bydel i Bergen, nord for Bergen sentrum. Han var eigen kommune frå 1903 til 1972. I 1903 vart han skilt ut frå Hamre kommune. 1. januar 1972 vart Åsane ein del av Bergen kommune. Den gamle kommunen hadde då 19 205 innbyggjarar. I dag ...

                                               

Bydel Grünerløkka

Grünerløkka er ein bydel i Oslo med grenser fastsett i 2004 ved ei reform av den tidlegare inndelinga av byen i bydelar. Bydelen ligg i indre by aust, er på 4.7 kvadratkilometer, avgrensa i vest av Uelands gate på vestsida av Akerselva, i aust av ...

                                               

Bydel Nordre Aker

Bydel Nordre Aker er ein administrativ bydel i Oslo med eit areal på 13.6 km². Bydelen ligg mellom bydel Bjerke i Groruddalen, og på ei stutt strekning bydel Grünerløkka, i aust, og Sognsvannsbekken i vest, der bydelen grenser til bydel Vestre Ak ...

                                               

Bydel St. Hanshaugen

St. Hanshaugen er ein administrativ bydel i Oslo som har 28 287 innbyggjarar over eit areal på 3.6 km². Bydel St. Hanshaugen strekkjer seg mot nord opp til hovudanlegget til Norsk rikskringkasting på Marienlyst og til Ullevål, og i sør til Oslo d ...

                                               

Frogner

Frogner er ein administrativ bydel i Oslo. Han ligg vest for sentrum, og har 49 058 innbyggjarar. Frogner er mellom anna kjent for Frognerparken. Bydel Frogner har namn etter strøket Frogner, som igjen har namn frå storgarden Frogner hovedgård. I ...

                                               

Bydel Gamle Oslo

Bydel Gamle Oslo er ein administrativ bydel i Oslo med eit areal på 7.5 km². Bydelen dekkjer mellom anna det området der Oslo låg i mellomalderen, og som no ligg i stroket med namnet Gamlebyen. Til bydelen høyrer elles stroka Bjørvika, Lodalen, G ...

                                               

Sagene bydel

Sagene bydel eller Bydel Sagene er ein administrativ bydel i Oslo, namnsett etter eit av stroka i bydelen: Sagene. Den administrative bydelen dekkjer eit areal på 3.1 km², og hadde i januar 2012 til saman 35 990 innbuarar. Akerselva renn gjennom ...

                                               

Eidanger

Eidanger er ein tidlegare norsk kommune i nedre Telemark. Eidanger var eigen kommune frå 1. januar 1838, fyrst som Formandskabsdistrikt, frå 1853 som kommune / herad. 1. januar 1964 blei Eidanger og tidlegare Brevik kommune innlema i Porsgrunn ko ...

                                               

22. juli-senteret

22. juli-senteret er eit norsk statleg informasjonssenter om terroråtaka 22. juli 2011. Senteret vart opna 22. juli 2015 og ligg i første etasje i H-blokka i Regjeringskvartalet i Oslo. Det skal først og fremst formidle fakta om terrorhendingane ...

                                               

Borgarting lagmannsrett

Borgarting lagmannsrett har sete i Oslo og er ein av dei seks lagmannsrettane i Noreg. Lagmannsretten er ankedomstol over avgjerder i dei tingrettane som høyrer til lagdømmet – både i straffesaker og i sivile saker, sjå nærare om sakshandsaminga ...

                                               

Chateau Neuf

Chateau Neuf er eit samlings- og kulturhus på Majorstua i Oslo for Det Norske Studentersamfund, ei foreining for studentane ved Universitetet i Oslo og andre lærestadar. Huset er teikna av arkitektane Kjell Lund og Nils Slaatto, og stod ferdig i ...

                                               

Den britiske ambassaden i Oslo

Den britiske ambassaden i Oslo er Storbritannia sin diplomatiske representasjonen i Noreg. Ambassaden held til i Thomas Heftyes gate 8 i Oslo. Ambassaden var tidlegare ein legasjon.

                                               

Ekely

Ekely er ein stad der Edvard Munch budde og måla frå 1916 til han døydde i 1944, og seinare som bustad for fleire norske kunstnarar. Ekely er rekna som eit norsk kulturminne.

                                               

Glasmagasinet

Glasmagasinet eller GlasMagasinet er eit kjøpesenter på Stortorget i Oslo. Det var i mange år eit varemagasin for Christiania Glasmagasin, som også var kjend som Glasmagasinet. Bygningen er verna etter plan- og bygningsloven og er kommunalt liste ...

                                               

Grünerløkka studenthus

Grünerløkka studenthus, som òg vert kalla Studentsiloen, er eit hybelhus for studentar i Marselis gate 24 på Grünerløkka i Oslo. Huset ligg attmed Akerselva og var opphavleg ein kornsilo for Nedre Foss mølle, bygd i 1953. Siloen vart kjøpt av Stu ...

                                               

Hauges Minde i Oslo

Hauges Minde er ein bygard på Grünerløkka i Oslo. Han ligg i Sofienberggata og har adresse Olaf Ryes plass 2. Garden har namn etter lekpredikanten Hans Nielsen Hauge.

                                               

Hovudkvarteret til Etterretningstenesta

Hovudkvarteret til Etterretningstenesta i Noreg ligg ved Lutvann i Oslo med leiing, administrasjon, bearbeiding, analyse og rapportering. Grunnsteinen vart lagt i 1994 og bygget stod klart i 1998.

                                               

Kommunenes Hus

Kommunenes Hus i Haakon VIIs gt 9 i Vika i Oslo er ei kontorblokk som vart reist for å hyse adminstrasjonen for Norges Byforbund og Noregs herredsforbund, som etter seinare samanslåing og namneendring har vorte til KS, ein medlemsorgansisasjon so ...

                                               

Kringkastingshuset

Kringkastingshuset eller Radiohuset er den eldste av bygningane til NRK på hovudkvarteret på Marienlyst i Oslo. Kringkastingshuset vert undertida også kalla Det kvite huset. Bygningen vart teikna av Nils Holter i funksjonalisme og påbyrja i 1938. ...

                                               

Kringsjå studentby

Kringsjå studentby er eit samlenamn på dei to studentbyane Kringsjå og Fjellbirkeland på Kringsjå i Nordre Aker bydel i Oslo. Kringsjå studentby vart teken i bruk i perioden 1967 - 70 og Fjellbirkeland studentby i 1991. Dei to studenbyane ligg si ...

                                               

Oslo Spektrum

Oslo Spektrum er ein byhall i Oslo, på Vaterland, opna i 1991. Hallen vert brukt til konsertar, utstillingar og idrettsarrangement, særleg ishockey og handball, og husar 9000-11 000 plassar. Bygningen er teikna av arkitektkontoret LPO etter ein t ...

                                               

Oslo tinghus

Oslo tinghus er ein bygning i C.J. Hambros plass 4 i sentrum av Oslo. Bygget vart oppført av Statsbygg i åra 1992-1994 for å hyse Oslo tingrett, Oslo byfutembete og Borgarting lagmannsrett. Bygningen er i postmodernistisk stil ti høgder, dei to ø ...

                                               

Paléet

Paléet var opphavleg ein stor murgard på ein etasje og låg mellom Oslo Børs og Jernbanetorget i Store Strandgade 6, dagens Fred. Olsens gate i Kristiania. Fyrste trinn av Paléet blei reist av kjøpmann og skipsreiar Christian Ancher, far til Bernt ...

                                               

Parkteatret

Parkteatret, Olaf Ryes plass 11, Grünerløkka i Oslo, vart etablert i 1907 under namnet Kristiania Bryggeri Grünerløkkens Kinematograf. Kinematograflokala vart teikna av arkitekt Frithjof Aslesen i tilknyting til en leiegard frå 1872. I 1913 skift ...

                                               

Soria Moria kino

Soria Moria kino var ein kino i Soria Moria-komplekset i Vogts gate 64 på Torshov i Oslo. Bygget vart reist i 1928 som kinobygning med 1012 sitteplassar. Bygget inneheldt opphavleg også ein filial for Deichmanske bibliotek. Arkitekten var Thorval ...

                                               

Stiftsgården i Christiania

Bygningen vart oppført i 1757 som bustad for trelasthandlaren Morten Leuch. Etter at han døydde vart han teken over av enka Mathia Collett, som gifta seg for andre gong i 1773 med den ni år yngre Bernt Anker. I 1781 vart bygningen selt til staten ...

                                               

Stortingsbygningen

Stortingsbygningen ligg på Karl Johans gate i Oslo, i området som vert avgrensa av Karl Johans gate, Akersgata og Wessels plass. Bygningen er teikna av arkitekt Emil Victor Langlet, innvigd 5. mars 1866, og har frå då av vore hovudsete for Storti ...

                                               

Tøyenbadet

Tøyenbadet er ein kommunal symjehall som ligg fritt til på eit platå i Tøyenparken på Tøyen i Oslo. Gateadressa er Helgesens gate 90, det vil seie at Tøyenbadet ligg heilt i austre enden av denne lange gata, som byrjar vest på Grünerløkka. Tøyenb ...

                                               

Ullevaal Stadion

Ullevaal Stadion er Noregs landslagsarena i fotball og ligg på Ullevål i Oslo. Han blei opna i 1926 av kronprins Olav. Opninga blei markert med ein fotballkamp mellom Lyn og svenske Örgryte, kronprinsen tok avsparket i kampen. Lyn-laget var styrk ...

                                               

Gunnvor Advocaat

Gunnvor Henriette Advocaat var ein norsk biletkunstnar. Ho var ein av Noregs fremste kunstnarar innan nonfigurativt måleri. Far hennar var diplomat og familien budde fleire ulike stader i utlandet under oppveksten hennar. Ho byrja kunstutdanninga ...

                                               

Zahid Ali

Zahid Ali er ein norsk skodespelar og komikar frå Oslo med pakistansk bakgrunn. Han jobba ein kort periode som telefonseljar før han vart komikar.

                                               

Mah-Rukh Ali

Mah-Rukh Ali er ein norsk-pakistansk journalist og forfattar fødd i Oslo. Ho var nyheitsanker i TV 2 Nyhetene ti år, og i 2017 blei ho kommunikasjonsjef i CARE Norge. Ho var den første framandkulturelle kvinna som blei nyheitsanker i NRK, i 2006 ...

                                               

Alfred Andersen-Wingar

Alfred Nikolai Andersen-Wingar var ein norsk bratsjist, komponist og dirigent. Andersen-Wingar studerte hos Johannes Haarklou i Kristiania og hos Jules Massenet og André Gedalge i Paris. Opphavleg var han fiolinist, men skifta seinare over til br ...